Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2017

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Unngå å deppe utan dab

Elinor Bolme Tysdag 7. februar 2017

Frå Surnadal folkebibliotek har vi fått ein oppmuntrande epost om at verda slett ikkje går under på onsdag, når FM-sendingane på radioen går over til det vidløftige DAB+ universet.



Det god samarbeidet fortsett denne sesongen og…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. februar 2017

I ei årrekke har Todalen I.L. hatt for få deltakarar til å klare å stille lag i aldersbestemte klassar i fotball. Da har løysinga vore å fri til nabolaga og få til eit samarbeid for å klare å stille lag. Laga som det har vore samarbeidd med er først og fremst I.L. Søya, men også Kvass/Ulvungen og Surnadal I.L. – og no blir det A-lagsfotball igjen …


Kuldegrader i vente – vi prøver oss med is igjen…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2017

Det er meldt kuldegrader utover komande veke – no prøver vi oss på å lage is igjen, seier Anders Gjeldnes som står med vasslangen og sprøytar vatn på asfaltplassen på Bordholmen. Det har den siste tida vore mangel både på snø og is, men no er det altså håp for at det kan bli aktivitet på skøytebanen på Bordholmen.


Klare for 4. runde i sjakken

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2017

I kveld er det ny runde i «Den store sjakkturneringa» som går føre seg i Kaffekroken på butikken. Det er sjølvsagt knytt stor spenning til korleis dette går, men deter enno bare 4. runde som går i kveld. Difor kan det skje mykje enno men vi kan no røpe korleis det har gått i 3. runde


Held koken gjennom vinteren

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. februar 2017

Den travle sesongen med samling av honning ebbar ut for biene når sommaren tek slutt. Da trekkjer dei seg attende til bikubane for først å forebu seg på vinteren og så på ein ny sommarsesong. Da har nok biene planlagt at dei skal leve godt på honningen dei har samla gjennom sommarsesongen, men der blir dei grundig lurt!


Klart for første dugnad

Elinor Bolme Fredag 3. februar 2017

Neste laurdag startar første dugnadsrunde i prosjektet Krafttak for kratt. Prosjektgruppa har hatt planleggingsmøte og inviterer dermed til dugnad frå klokka 10 laurdag 11. februar frå rasteplassen og utover mot tunellen. Her er det behov for tre ulike kvalitetar på dugnadsinnsatsen:


Vennebyen kjem – kjem du?

Elinor Bolme Torsdag 2. februar 2017

Vennebyen er på turné med ei fullverdig teaterforestilling og dei kjem no til Surnadal kulturhus torsdag 9. februar kl. 17.30. Her får barna møte dei tre heltane Apa, Ted og Elfie og den klønete, men alltid like entusiastiske Jumpi i ei helt ny forestilling – Jumpis Bursdag. Apa, Ted og Elfie planlegg ein stor overraskelsesfest […]


Populært datakurs

Elinor Bolme Torsdag 2. februar 2017

Frå Steinar Hsselø ved Surnadal bibliotek har vi fått tilsend ein liten status frå det populære datakurset som pågår i regi Pensjonistlaget. Eit vellykka kurs som dei eldre har vist å benytte seg av, med 30 påmeldte og to ulike grupper.


Nordekmessa: – Talgø fikk ny pris…..

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. februar 2017

I disse dager er Nordekmessa på Hamar i ferd med å sette sluttstrek. Det har vore Hamar som har vore verdas sentrum dei siste dagane, og dermed er ein travel periode med utvikling av både produkt og utstillinger for å by fram siste nytt på produktfronten. På slike messer er det ofte ein konkurranse om beste stand, ein konkurranse der messebesøkande deltek i ei avstemming, og som blir avgjort på tampen av messa. På Nordekmessa trekte Talgø det lengste strået, og gikk av med seieren i denne konkurransen på nok ei messe.


Gratis kurs for nettskribentar!

Elinor Bolme Onsdag 1. februar 2017

Etter vel 7 år på lufta ser redaksjonen behov for å oppdatere seg og har derfor engasjert ekspertisehjelp frå firmaet HvabeHager i Trondheim. Dei held ulike kurs innan ulike tekstsjangrar og tema, og vi har bestilt kurset «Skriv for nettet». Sidan vi slettes ikkje er åleine om å drive publiseringar på nettet inviterer vi like godt alle andre som kan ha interesse og behov, til å delta saman med oss.