Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gratis kurs for nettskribentar!

Elinor Bolme Onsdag 1. februar 2017

Etter vel 7 år på lufta ser redaksjonen behov for å oppdatere seg og har derfor engasjert ekspertisehjelp frå firmaet HvabeHager i Trondheim. Dei held ulike kurs innan ulike tekstsjangrar og tema, og vi har bestilt kurset «Skriv for nettet». Sidan vi slettes ikkje er åleine om å drive publiseringar på nettet inviterer vi like godt alle andre som kan ha interesse og behov, til å delta saman med oss.

Vi har fått støtte frå Surnadal kommune sitt Næringsfond, og ein uventa positiv respons frå Ålvundeid Grendalag som gjer at vi kan tilby eit 3,5 timar langt kurs heilt gratis til 20-25 lærevillige deltakarar! Kurset passar til nettredaktørar og andre som skriv innhald til ulike nettsider. Kurset blir i Svorkasalen onsdag 15. februar klokka 18, og det er påmelding til Elinor Bolme på elinor@svorka.net eller 90196268.

Les meir om grunntanken i kurset her: HvabeHager-skriv for nettet, med muleg små justeringar frå kurshaldar Camilla Hager.

 

Publisert: 1. februar 2017, 05:30