Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2016

Vi fann 79 artiklar i dette arkivet.


Noen bedre??

Elinor Bolme Onsdag 24. august 2016

Da har vi mottatt nok eit bilde som viser ny banerekord på den populære frisbeegolfbanen på Bordholmen. Gofarane i Surnadal Frisbeegolf har ved fleire anledningar besøkt Todalen for å gå runden, og med stor sansynlegheit slå tidlegare rekord. Sist søndag var det Eskil Mogstad, Vetle Kvande,  Stein Todalshaug, Einar Sæterbø og Sander Reiten som var ute på nye […]


På’n igjen – skulestart i dag.

Jon Olav Ørsal Måndag 22. august 2016

I dag var vi oppmøtte i Todalen skule da klokka var 8.30 for å få med oss skulestarten. Det var også 23 elevar som strutta av energi, og var glade for å treffast på skuleplassen igjen etter ein lang sommarferie. 3 nye førsteklassingar var også på plass, med nye flotte skulesekkar, og stillte nok med store forventningar.


Sommarsesongen på hell, men no startar haustsesongen…

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2016

På Todalen Brygge og Pakkhuset Kro er no sommarsesongen på hell, og det blir etter kvart tidlegare mørkt om kveldane. Vanlegvis er denne «kantsesongen» mellom sommar og vinter tida mellom vinter og sommar litt dautid for oss som driv med turisme, fortel Synnøve helland ved Todalen brygge. Det jhar ho tenkt å gjera noko med, og i helga var det «premiere» for opplegget.


Comeback, og banens beste

Elinor Bolme Sundag 21. august 2016

Laurdag spela Surnadal sitt herrelag mot Rollon 2, som også ligg nederst på tabellen i 3. divisjon. Surnadal gjekk dessverre på nok eit tap, trass god tru på at dei skulle vinne på forhånd. Frikk Hauglann Talgø spela sin første kamp på lange tider, etter ein skade i vårsesongen, og vart kåra til banens beste med sitt innhopp i 2. omgang.


Finvêrstur med stavgang rundt Igltjønna

Jon Olav Ørsal Fredag 19. august 2016

Surnadal pensjonistlag starta ny sesong med ein finvêrstur til Rindal og stavgang rundt Igltjønna. Første stavgangturen samla heile 37 deltakarar, som sette kvarandre i stemne i det flotte og velordna friluftsområdet.


Latteren sitt laust i Todalen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. august 2016

Eg følte meg veldig heime og kan konstatere at latteren sitt laust i Todalen, sa Jon Schau etter forestillinga. Jon Schau kan konstatere at showet «En gal mann vender hjem» som skal kjørast på revyteatret Chat Noir, sitt som det skal etter ein vellukka generalprøve på Todalshytta.


Åpent bibliotek

Elinor Bolme Torsdag 18. august 2016

Måndag kveld er det igjen åpne dører ved Todalen bibliotek melder utlånsansvarleg Karen Johanne Talgø. Har du ønsker om spesielle bøker, både norske eller framandspråklege er det berre å ta kontakt, så ordnar Karen bestilling. Både frå Surnadal og Oslo.


Torsdag: Jon Schau kjem til Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. august 2016

Torsdag kveld kl 20.00 kan du høre og sjå Jon Schau i hans nye show «En Gal Mann vender hjem» på Todalshytta i Todalen. – Jon Schau er tilbake på humorscena og gjestar altså Todalen med sitt show på ein slags førpremiere, før han dreg i gang sine forestillinger på Chat Noir i Oslo fra 16. september og utover hausten.


Trist å sjå tomme solsenger på stranda…

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. august 2016

Vi hadde for eit par veker sia eit lite intervju med Torbjørn og Rannveig Brøske som reiste til Alanya på teneste for Sjømannskyrkja. – Situasjonen var spent i Tyrkia etter kuppforsøket, og vi lurer sjølvsagt på korleis det har gått etter at dei kom på plass på Sjømannskyrkja. Det er tross alt unntakstilstad enno!


Godt oppmøte til skyteprøve

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. august 2016

Førebuingane til storviltjakta er i god gang, og på skytebanen til Søya og Todalen skytterlag i Ranheimsvingen var det i kveld stor aktivitet. Når det obligatoriske prøveskotta var unnagjort, var det berre å prøve seg på sjølv skyteprøven som er 5 skott på dyrefiguren og alle må treffe innafor ein sirkel på 30 cm i […]


Slutt for i år!

Jon Olav Ørsal Måndag 15. august 2016

I skrivande stund (kl 22) er det eit par timar til årets sesong for laks- og aurefiske i Toåa er slutt. Etter fleire «magre år» har årets sesong vore eit synleg bevis på at laksefisket kan gå i bølgedalar og at får oppleve både gode og dårlige år for laksefisket.


Stavgangarane på tur igjen

Elinor Bolme Måndag 15. august 2016

Surnadal pensjonistlag startar oppatt med sine populære stavgangturar førstkommande torsdag klokka 11. Denne gongen er det tur til Rindal og Igeltjønna. Her blir det så klart muligheiter for bading for den som vil det. Arrangørane håpar på finvêr og stort frammøte!