Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slutt for i år!

Jon Olav Ørsal Måndag 15. august 2016

I skrivande stund (kl 22) er det eit par timar til årets sesong for laks- og aurefiske i Toåa er slutt.  Etter fleire «magre år» har årets sesong vore eit synleg bevis på at laksefisket kan gå i bølgedalar og at får oppleve både gode og dårlige år for laksefisket.

Det har vore veldig oppmuntrande både for Todalen elveeigarlag og for laksefiskarane at åretst fiske har vore veldig bra. Det vart faktisk teke fleire laks dei to første vekene enn det vart på heile fjorårssesongen, og spesielt gledeleg er det at laksefiskarane stadig har opplevd at det er mykje smolt og yngel i Toåa.  Det gir eit håp om at det er fleire gode år i sikte.

I Toåa har vi i år som i tidlegare år hatt mange trufaste laksefiskarar – det er folk som kjem att år etter år. Dei trives i Toåa som har fått eit godt rykte som ei god elv for fluefiske. Todalen elveeigarlag har ikkje statistikken for årets fiske klar enno, men vil vil presentere den så snart den er klar.

Takk til alle som har bidrege med bilder og info gjennom ein hektisk men triveleg sesong i Toåa!

 

 

Publisert: 15. august 2016, 22:17