Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2015

Vi fann 79 artiklar i dette arkivet.


Pakkhuset – Krokveld med Quiz på 2. juledag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. desember 2015

På Pakkhuset Kro er det open krokveld med quiz 2. juledag.  Quizkonkurransen startar kl 20.00.  Ta turen til Todalsøra på Pakkhuset Kro, og treff naboen, – eller nokon som du kanskje ikkje har treft på ei stund!  


Kvit jul, men …

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. desember 2015

Julesnøen kom litt seint, men godt. Natt til 2. juledag er julesnøen komen på plass, med rundt 10 cm tørr og fin snø som lyser opp i landskapet. men ny tyder vêrmeldinga på at vi har fått det vi skal ha av snøvêr i første omgang og det blir fint vintervêr og sørleg vindretning utover neste veke. Først eit par dagar med kuldegrader og så blir det mildare med varmegrader frå tysdag (5. juledag). Blir det slik som yr.no viser så blir det ypperlege forhold til romjulsmarsjen 3. juledag.


Årets siste søndagstur, til Halsa

Elinor Bolme Laurdag 26. desember 2015

Årets siste søndagstur går til Halsa og til den nye kulTUR-løypa på Liabøen i Halsa Turen startar ved parkeringsplassen på Liatun. Her blir det tennt fakklar og ein går deretter ned om Rasteplassen og opp til Butikksenteret, rundt om det gamle kommunale lageret nedom banken. Deretter går turen opp til Øvrevikstatuen, opp til det gamle sommerfjøset og saga som hører til Negarden, og ned til Villa Viungen.


Juletrefest på Nordvik

Elinor Bolme Fredag 25. desember 2015

I desse juletrefesttider kan vi melde om at Nordvik Grendalag arrangerer sin juletrefest i Nordvik Grendahus i morgon 2. dag jul klokka 14.


Juletrefest på Eidet bedehus

Elinor Bolme Fredag 25. desember 2015

Juletrefest på andre juledag er ein tradisjon som har vore i fleire generasjonar. I år skjer det igjen på Eidet bedehus . Anna Sæther vil halde andakt og vi får høyre og sjå program som barna står for. Sjølvsagt blir det juletregang med song og fin musikk, matservering og utlodding. Alle er hjarteleg velkomne! Vertskap er Eidet bedehus og Søndagsskolen.


God jul!

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. desember 2015

Tida er komen for å ønske alle våre lesarar, medlemar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul. For oss i redaksjonen vil det nok bli litt mindre aktivetet eit par dagar, men vi skal prøve å få med oss det som skjer i bygda i løpet av juledagane og romjula så godt vi kan. Har du noko på hjarta eller eit godt bilde så er det berre å sende til vår e-postboks som er «døgnopen».


Bestilt, men ikkje henta?

Elinor Bolme Torsdag 24. desember 2015

Har du bestilt husnummer hos Surnadal kommune og kanskje gløymt å hente dei etter du fekk tilsendt faktura som du betalte? Da er det berre å sikke innom sørvisekontoret på kommunehuset i romjula. Der er det no mange uavhenta skilt som dei gjerne hadde sett at bestillarane hadde komme og henta.


Julegudsteneste kl 13.30

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. desember 2015

Todalen sokneråd minner om julegudstenesta med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje på julaftan. Den startar kl 13.30, og det blir takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Alle er velkomne!


Minikurs – Unngå å bli teken av skred…

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. desember 2015

Tysdag kveld var ein gjeng samla til eit mini-skredkurs på Falløya. Det var Jan Vidar Øyen som auste av sine kunnskaper om skred og skredfare til nokre av sine venner. Det viktigaste du gjer nå du skal ut på tur i vinterfjellet er å planlegge turen. Det kan du gjera frå sofaen, med kart og info frå varsom.no, samt at du har formålstjenleg utstyr til å hjelpe deg sjølv og andre om uhellet er ute.


T.I.L. – fullt program heile jula

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. desember 2015

Todalen I.L. går ei travel jul med mange aktivitetar i møte. Dei startar alt 3. juledag kl 12, med romjulsmarsjen som første post. her er det start mellom 12 og 15, deretter blir det julerevy med to forestillinga kl 15 og 20 – og 6. juledag (30. desember) blir det juletrefest i ungdomshuset mellom kl 14 og 16.


Matkroken – opningstider i jula

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. desember 2015

I samband med jula er det litt regulering av opningstidene på Matkroken Todalen. Før jul – tysdag 22. desember er det vanleg opningstid 9 – 18, men onsdag 23. er det langdag frå 9 – 19 og julaftan 24. desember er opningstida 9 – 13. Første juledag er butikken stengt. I romjula er opningstidene litt endra og det finn du oppsett på nedafor. Drivstoff kan du sjølvsagt fylle kvar dag – heile døgnet – med kortautomaten på HalsOil.


Ny portal: «Hyttetomter i Todalen»

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. desember 2015

Er du ute etter hyttetomt i Todalen er det lurt å følge med på det som skjer på hyttefronten på nettet. På Facebook-portalen ”Hyttetomter i Todalen” vil du etter kvart finne fleire alternativ, der det blir presentert både hyttefelt som alt er klare for utbygging og felt som er under planlegging….