Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2015

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Krigsminne blir til film

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2015

Indre Nordmøre forsvarsforening har engasjert Eistein Bæverfjord til å lage ein dokumentarfilm om minne frå siste verdskrigen i Surnadal kommune. Denne filmen skal ikkje dokumentere politikk og krigshandlingar, men ha meir fokus på spesielle minne og enkeltepiosodar frå kvardagslivet under krigen. Eistein Bæverfjord er innom alle bygdene i kommunen for å intervjue personar på rundt 90 år for å høyre korleis dei som ungar eller ungdommar opplevede krigsåra. Det er på tide at dette arbeidet blir gjort – menneska som kan fortelje frå denne tida, er no godt opp i åra.


Her smell det!

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2015

I Stangvika blir det nye veg og samtidig meir parkeringsplass til kyrkja, og tysdag var det tid for å sprenge ein bergnabbe som lag i vegen for nyvegen. Det var Grytskog Maskinstasjon som hadde prosjektet, og vi fikk med oss den eine salva som bokstaveleg ordna veg i vellinga.


Påskekrim 3/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Tysdag 31. mars 2015

Her kjem episode tre i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Vår vikariernande redaksjonsassistent Bladfyk er ferdig med sine undersøkelsar på åstedet, og det er tid for litt gravande journalistikk for å få oversikt i saka.


Tove Fugelsnes gjorde opptak til radioen

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2015

Måndag var Tove Fugelsnes, som er programleiar for programma «Naturens verden» og «Friluftmagasinet» i NRK, på Kårvatn for å gjøre opptak. Det er program som kjem på radioen helga etter påske, slik plana er no, fortalete ho.  ho lova å informere oss nærare og dato og tidspunkt for sending og dette kjem vi med info […]


Skjærtorsdag: Det skjer på Nordvik……

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2015

Skjærtorsdag er det bokstaveleg fortalt på Nordvik det skjer, og i Nordvik grendalags regi. Først på dagen står det seterrenn på programmet, men det fortsett utover kvelden med «after ski». Det tradisjonelle seterrennet foregår sjølvsagt på Nordviksetra, der det blir både langrenn, kulerenn og hopprenn – dersom det er nok snø? Blir det snømangel blir det alternativt arrangement med natursti.


Påskekrim 2/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Måndag 30. mars 2015

Her kjem episode to i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Vi hoppar rett inn i det, redaksjonsassistent Lebrekk Bladfyk er på Hals eft. og eit av bileta til Sanitetens kunstlotteri er forsvunnet.


Unni Boksasp og festivalkvartetten i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2015

Unni Boksasp og festivalkvartetten dreg ut på Nordmørsturne i påska. Skjærtorsdag 2. april kl 16.30 kjem dei til Todalen kyrkje med sin påskekonsert. Om kvelden (kl 20.00) står Ålvundeid kyrkje for tur og langfredag er det Nordlandet og Øre som står for tur.


Påskekrim 1/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Sundag 29. mars 2015

Årets påskekrim får du på Todalen.no. Vi har fått inn ein påskekrim i seks deler som vi vil publisere utover i påska, og når nest siste del er publisert vil det være mogleg å sende inn svar. Vi vil premiere mest korrekte svar, mest kreative svar og nokre heldige som blir trekt ut. Første episode kjem nedanfor, deretter kjem det episodevis på mandag, tirsdag, torsdag og fredag. Deretter får du helga på deg til å finne løysinga og sende inn. Måndag 2. påskedag kjem svaret på gåta, og så fort vi vinn det premiering. Vi takkar Guro Redalen for bidraget, så sett vi i gang!


Sommartid: – Ein time fram

Jon Olav Ørsal Sundag 29. mars 2015

Frå søndag 29. mars er det sommartid. Det offisielle tidpunktet for å justere klokka er kl 02 natt den siste helga på mars, og klokka stilles alltid 1 time mot sommaren når det blir sommartid. Og resultatet blir dermed at det blir lengre lyst om kveldane.  


Skihytta – Bli med på Kjerringdilten

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2015

Langfredag er den store dagen på Skihytta – da blir Kjerringdilten arrangert, og det blir kamp om å ta eit napp i vandrepokalen som er sett opp. I fjor var det så dårlege vêrutsikter til langfredag, at det offisielle programmmet vart avlyst, fortel hytteformann Terje Nordvik. Det siste nappet i vandrepokalen, var det Vilde Mikkelsen som tok i påska 2013. For den som ikkje er så kjent, så er Kjerringdilten eit langrenn som går på idealtid, og som har lange tradisjonar. Start er langfredag kl 13.00.


Tok pulsen på påskesalet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2015

Dei to siste dagane har det vore jamn trafikk opp Falla og til Kårvatn, der det er storstila påskesal i butikken. – Det har vore skikkeleg bra med folk i butikken dei to første dagane av påskesalet, og det blir vel skikkeleg trøkk etter helga også, med langdag på tirsdag, seier dagleg leiar Laila Kvendset Bergli ved Kårvatn fjellustyr. Det er mange nye fjes, og det er folk både frå nærområdet og langvegs frå, seier Gudmund Kårvatn som er for veteran å rekne i butikken.


Årets påskekrim får du på todalen.no

Elinor Bolme Laurdag 28. mars 2015

Mange har kanskje teke påskeferie og gjort som deler av redaksjonen hos Todalen.no, stukke til fjells. Vi slakker derfor i kommande veke litt på dei store nyhetssaker, men har tenkt å halda besøkstala oppe og serverer dykk derfor ein storveis påskekrim som går over 6 dagar. Vi har nemleg vore så heldig å ha fått inn ein påskekrim tilpassa for Todalen. Forfattaren er Guro Redalen, og vi lover at denne kjem du ikkje til å lesa berre ein del av!