Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 3/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Tysdag 31. mars 2015

Her kjem episode tre i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Vår vikariernande redaksjonsassistent Bladfyk er ferdig med sine undersøkelsar på åstedet, og det er tid for litt gravande journalistikk for å få oversikt i saka.

Politiet hadde vore der, og ordførar Nyheim hadde og teke turen med Driva og TK på slep. ”Amatørar” tenkte Bladfyk i det ho sykla heim. I veska hadde ho både kopi av dei som hadde vore på åstaden og loddboka. Dette hadde ho sikra seg medan dei andre journalistane var opptekne av å fotografere ordføraren ved loddbordet der ho freista å likne hjorten som no vart borte. Det verka eigentleg som ordføraren hadde god detaljkjennskap til bilete, men det er vel slik som inngår i arbeidet.

del_3_Nyheim

Måneskin skreiv Bladfyk på eit ark, og Kronhjort på eit anna. Ho hadde ikkje før klistra dette opp på veggen før vakttelefonen ringte. Nummeret er skjult? Ho reinska stemma og svara. I andre enden var det stilt. Eller vent. Var det lyden av fuglar? Måse? Linja vart broten. Ho tenkte seg om, før ho utbraut ”gror ingenting!” I 1987 vart deler av fjernsynsteatrets Av måneskinn gror ingenting spela inn i Todalen. Det var stor ståhei i fleire dagar. Dampen køyrde for første gong på mange tiår inn fjorden. Folk vart hyra inn som statistar på kaia. Og eple kjøpt på Hals eft. vart hengt på trea for å skape eit bilete om at det var haust når det var vår. Og kva fuglar held til nære kaikanten? Her var det berre å kaste seg på reportasjesykkelen.

del_3_todalsora

Bladfyk hadde ikkje før passert Halsetbrua før vakttelefonen ringde på ny. ”Todalen.no, vikaren snakkar” Det var overredaktør Ørsal som ringte for å sjekke forholda. Ho hadde møtt han så vidt i døra den dagen biletet forsvann. Han var då på veg på påskeferie. Ho hadde halde døra for han sidan han bar på ein stor pakke. ”Ja, eg reknar med at du har høyrt om Kronhjort i måneskinn?” Det hadde overredaktør Ørsal, men han verka ikkje så interessert. Var han lei seg for at han ikkje var på vakt når det endeleg skjedde noko så oppsiktsvekkande på jobb? Nei, han var meir oppteken av at nokon måtte sikre seg sporet av gaupa ved Lundebekken ”dette kan bli den nye Trollheimsmoskusen, her må du leggje inn kreftene!” Ho forklarte at ho no var på veg til Todalsøra. ”Kvifor det?” overredaktøren høydest skeptisk ut ”Eh, nei … Eg tenkte å lage ein påskepub-omtale”

Sykkelen vart parkert på pubkaia. Ho såg seg rundt. Ikkje teikn til liv. Bortsett frå ein og annan måse. Tru om døra til puben var open? Ho gjekk inn, og opp trappa. Pubeigar Halle satt ved eit av borda bøygd over noko papir. ”… kor mange taggar har ein kr…” Bladfyk kremta, ”Hei! Eg er berre ute å sjekkar påskepubforholda” Pubeigar Halle fekk det travelt med å samle saman papira” Å hei! Ja, eg heldt akkurat på med påskequizen. I år har vi verkeleg ein fin premie. Ja, ein retteleg kronpremie!” ”Jaha, kunne du kanskje ha delt kva det med todalen.no sine lesarar?” Det kunne pubeigar Halle ikkje. Men han stilte delvis villig opp for foto og ein førehandsomtale. ”her er det noko som ikkje stemmer” tenkte Bladfyk i det ho fann sykkelen igjen. Ho såg opp, i vindauget stod pubeigar Halle. Ho vinka, han nikka tilbake. Og trekte føre gardinene.

Følg med på torsdag, då kjem episode nummer 4!

Først publisert: 31. mars 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 29. mars 2015, 23:15