Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2015

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Søndagstur til fjæra på Bettennesset

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mars 2015

Siste helg var det mange som nytta det fine vårværet til å kome seg ut – enten til fjell, ller for å pusle med eit eller anna i hagen, – eller til å bli med på den organiserte søndagsturen 52/17, slik som vi! Tok nemleg turen til Betna på søndag, nettopp for å delta på søndagsturen til Bettennesset. Kuldegrader om natta hadde lagt ei tynn ishinne på Betnavågen, og den heldt stand utover dagen sjølv om det vart både sol og litt varme utover dagen.


Benk til strandpromenaden rundt Akershus…

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mars 2015

På Ansnessaga er dei vant til grove dimensjonar på produkta dei lagar. Da vi stakk innom på fredag, var Ivar Bolme og Råg Mikkelsen i gang med å ta ut ferdigtørka materialar frå tørka. Ein av stokkane utmerka seg med tanke på dimensjon, for det er liksom ikkje kvardagskost med skurlast på 12×16 tommar. Dette er på langt nær nokon rekordstokk, men likevel har den ei lita historie.


Sjakkfinale i påska…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mars 2015

I kveld var det ny runde i den innleiande konkurransen til den store sjakkfinalen som er planlagt til påskehelga. Neste søndagskveld går dei siste innleiande rundane, og spenninga stig for kvar dag som går. Søndag kveld var heile 13 av dei 16 deltakarane oppmøtt i Kaffekroken, som i vinter har vore arena for den store […]


Stikk ut ……..

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mars 2015

Dagane er lyse og solrike, og det er tid for å «stikke ut» ein tur. Gammelvegen uti Svinvikhamrane er no heilt bar og tørr, så der er det fint å gå tur no. I dag var May og Tor ute og kosa seg i finveret – dei praktiserer kvardagsrehabilitering på ein fin måte! Oppe på høgaste punktet av vegen er postkassa med «Stikk ut-boka», der kan ein skrive namnet sitt.


Med fokus på kvalitet

Elinor Bolme Laurdag 14. mars 2015

I første del av helga har i underkant av 30 representantar frå 10 ulike ballklubbar i Nordmøre og Romsdal fotballkrets vore samla på fotballeder 2 kurs på Thon hotel Vårsøg. Dette kurset er arrangert av fotballkretsen og kom i stand etter at fotballeder 1 kurset vart heldt av Knut Haugen i fjor haust. Ein av […]


Fleire vårtegn på gang…

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mars 2015

Denne tida er det nok fleire vårtegn på gang rundt omkring. I Viastua har dei vorte velsigna med eit vinterlam, som nok blir litt av ein bortskjemt storebror etterkvart. Han kom til verda ein av dei første vekene i mars, og blir nok halvannan månad før saulamminga kjem i gang for fullt nærare midten av april.


Vår i lufta…..

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. mars 2015

Med sol frå skyfri himmel og temperatur på godt over ti grader, er det fint med ein tur ut for å sjå etter vårteikn. I blomsterhagane finn vi no både julerose, blåveis, snøklokker og krokus. Humler og bier summar rundt. Kvitsymre og hestehov har ikkje dukka fram enno, men hasselen blomstrar.


52/17 – Søndagsturen går til Betna – rundt Bettennesset

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2015

Komande søndag går søndagsturen til Betna, med tur til fots rundt Bettennesset. Du kjører til Betna, og tek til venstre i krysset og finn parkeringsplass på skistadion rett nedpå flata der. Det er ein lett tur i flotte terreng – ein tur som passar til alle.


Lauvåskogan før i tida

Elinor Bolme Fredag 13. mars 2015

Med fare for å rote seg bort i gamle, nye og bruka stadsnamn skal dagens storrundt frå Todalen historielag visast frå Lauvåskogan. Her er det store forskjellar i landskapet frå bilda er tekne og fram til i dag, med tanke på antall bustader i alle fall.


Brøndbo og «Give me 5»

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2015

Give me 5 er vårens vakraste eventyr, sa Torill Helgetun, da ho ønska velkomen til konsert i Surnadal kulturhus torsdag kveld. Det har iallfall vorte tradisjon å arrangere Give me 5 for 5.-klassingane i Surnadal kommune. Det er i år 7. gong, og årets gjesteartist om ein skal kalle det, var Bjarne Brøndbo som er frontfigur […]


Latterleg med Honningsvågrevyen…

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2015

Komande laurdag kjem Honningsvågrevyen på besøk til Surnadal kulturhus. Dei har med seg ei blanding av gamle glansnummer og mykje nytt, med innslag av humor og galskap. Honningsvågrevyen har vorte eit fenomen og den nordnorske humoren har fått publikum frå heile landet til like den nordnorske humoren, og vi må rekne med at det blir mykje latter denne kvelden.


Todalen historielag: årsmøtet gikk kjapt unna!

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mars 2015

På ein knapp halvtime var årsmøtet i Todalen historielag gjort unna. Årsmelding og rekneskap gikk greit og ryddig unna og det var få spørsmål knytta til oppsummeringa av 2014. Men sjølv om årsmøtet er fort unnagjort, så har laget stor oppslutning i Todalen – «heile bygda» er med og laget kan skilte med heil 167 […]