Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2014

Vi fann 61 artiklar i dette arkivet.


Laurdag: Saniteten samlar inn til Estland

Elinor Bolme Tysdag 15. april 2014

Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 26. april frå kl 11-14 i Sanitetshuset.

Her vil dei ta i mot reine, heile klede, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede.


Todalen uten mobildekning – igjen!

Jon Olav Ørsal Måndag 14. april 2014

I løpet av ettermiddagen har mobilnettet falt ut. Dette gjelder både Telenor og Netcoms mobilnett. I skrivende stund (kl 18.00) er begge netta ute av drift, med eit svakt signal på Netcoms datanett som sikker kjem frå ein basestasjon utafor bygda.


Gammelnorsk og sjølvhjelpt

Jon Olav Ørsal Måndag 14. april 2014

I Oppistua på Hjellnes går det på gammelnorsk, bokstavelig fortalt. Vi tenkjer da på gammelnorsk spælsau, og i går starta lamminga, og dei to første lamma såg dagens lys for første gong. Da todalen.no var på besøk måndag var det alt kome 3 lam til, og fleire var i vente. Det er Torill Gjeldnes og Per Åke Jacobsson som no er drivarar i Oppistua, og etter nokre års opphald har dei satsa på sau igjen dei siste åra.


Todalen båtforening forbereder ny sesong

Jon Olav Ørsal Måndag 14. april 2014

Fredag hadde medlemmene i Todalen Båtforeninging årsmøtesamling på Pakkhuset Kro. Foreningen har i løpet av de siste par årene renovert småbåtanlegget og har i dag et flott anlegg på Kvennset, der de fleste plassene er leid ut. Styret fikk fornyet tillit, der Bjørn Hauglann tar over ledervervet etter Lars Stensby som blir ny styremedlem, skriver lars Stensby i en melding til Todalen.no


17.mai rundt 1930

Elinor Bolme Måndag 14. april 2014

I dag har vi nok eit bidrag frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv. Denne gongen eit bilde frå 17.mai ein gong rundt 1930. Skulle nokon ha informasjon om dette, er det berre å sende oss ein epost (red@todalen.no), eller huke tak i ein representant frå redaksjonen om du treffer oss.


Ræta opp i år også

Elinor Bolme Sundag 13. april 2014

Todalen IL arrangerer også i år «Ræta Opp» på Todalsdagen i Todalen, LØRDAG 28.JUNI. I år vil inntektene gå til Diabetesforbundet barn/foreldre i Sør Trøndelag og Diabetesforbundet i Surnadal, Rindal og Halsa. Så her er det berre å sette av datoen, starte oppkjøringa og delta for ei god sak.


Betre og betre dag for dag…

Jon Olav Ørsal Sundag 13. april 2014

Ja, det er akkurat vêret vi tenkjer på. Søndag har vi hatt kald vind og regnbyger, men sola har også glytta fram i korte periodar. Måndag er det også bedrøveleg vêrmelding, men etter kvar blir det betre utover veka.


Skjærtorsdag: Seterrennet 2014

Sverre Kjølstad Fredag 11. april 2014

Som kjent er det tradisjon å arrangere Seterrennet på Nordviksetra hver skjærtorsdag. Vi må helt tilbake til 1928 for å finne starten til dette rennet. Imidlertid har dette vært en dårlig vinter med lite snø, og de siste dagene med mildvær har «tæret» kraftig på snøen som var rundt Nordviksetra. Det er derfor dårlige utsikter for at det tradisjonelle seterrennet kan arrangeres i sin vanlige form hvis vi ikke får et betydelig snøfall med det aller første.


Tillitsvalgte i Todalen IL

Elinor Bolme Fredag 11. april 2014

Som lova etter årsmøtet i Todalen Idrettslag, kjem no ei oppdatert liste over kven som har dei ulike verva i dei ulike gruppene i idrettslaget. Idrettslaget har eit hovedstyre, med 6 undergrupper fordelt etter dei ulike aktivitetene, inkludert drifting av skihytta/vinteranlegg, ungdomshuset og drift og vedlikehold av Bordholmen.


Samla mange på «Guttas kveld»

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. april 2014

Bilar og verktøy er typiske «gutteting», og det trekte nok mange til «Guttas kveld» på Byggmakker Surnadal tysdag kveld. Over hundre fann vegen til arrangementet, som gikk føre seg både i butikklokala og på lageret der det var laga scene og eit improvisert amfi for publikum. Frå scena underheldt Odd Arne Halaas frå Eide med gode historier og trekkspelet hadde han også med.


Saulamminga står for døra

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. april 2014

Tysdag var dei første lamma på plass i Viastua. Kårkall Gudmund Kvendset var rutinert fødselhejelpar, da tre små lam kom til verda og dermed starta lammingssesongen. Litt for tidleg var dei nok, men dei var velskapte og sunne, og i kveld var det kamp om dei to spenane til mora. I Viastua har dei eit 20-tals lamsauer i år, og ventar nok 40-50 lam i løpet av påska og utover våren.


Nytt inntak på kulturskulen

Elinor Bolme Onsdag 9. april 2014

Det nærmer seg søknadsfristen for høstens inntak hos Kulturskolen på Indre Nordmøre, og i den anledning ønsker tilsette på kulturskulen skoleelevar og barnehagebarn i Halsa, Rindal og Surnadal velkomne som søkarar til eit nytt skoleår. Husk fristen den 15.april! Søknadsskjema og meir informasjon kan du få på Kulturskolen eller gå inn på www.kulturskolen-indre-nordmore.no.