Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla mange på «Guttas kveld»

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. april 2014

Bilar og verktøy er typiske «gutteting», og det trekte nok mange til «Guttas kveld» på Byggmakker Surnadal tysdag kveld. Over hundre fann vegen til arrangementet, som gikk føre seg både i butikklokala og på lageret der det var laga scene og eit improvisert amfi for publikum. Frå scena underheldt Odd Arne Halaas frå Eide med gode historier og trekkspelet hadde han også med.

DSC_0160

Tesla model S – toppmodellen som vart vist her kosta over 800.000. Foto: Jon Olav Ørsal

Hovudattraksjonen var nok visning av el-bilen Tesla, som stod utstilt som toppmodell til en utsalspris på over 800.000. I tillegg var både Mitsubishi og Renault der, og Mitsubishis hybridmodell av Outlander fanga nok mange sin interesse. Fleire leverandørar hadde stand i butikken, der dei informerte om siste nytt på verktøyfronten, vindauge, arbeidsklede og mykje anna.

Sylte gardsslakteri hadde fyrt opp storgrillen, og sørgja for at det vart ein matbit å få før Odd Arne Halaas sette i gang med sitt sceneshow. Her fikk vi høre mange artige historier om både Pekaillan og fræningan kan du tru.

I galleriet nedafor har vi mange bildeglimt frå «Guttas kveld» på Byggmakker.

 

Publisert: 10. april 2014, 20:39