Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Saniteten samlar inn til Estland

Elinor Bolme Tysdag 15. april 2014

Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 26. april frå kl 11-14 i Sanitetshuset.

Her vil dei ta i mot reine, heile klede, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede. Dette har vorte ein kjerkommen tradisjon, som favner langt utanfor Svinviktunnelen. Saniteten oppfordrar til å pakke det i solid embalasje, så det ikkje blir «lekkasje» på sekkane. De lyt òg ta litt i frakt for å få det frå seg, 25,- pr kolli.

Mottaket blir i redskapshuset, men for den som har tid blir det servert gratis kaffe med inkkvart attåt inne i Sanitetshuset.

Først publisert: 15. april 2014, 08:00 - Sist oppdatert: 26. april 2014, 18:31