Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2014

Vi fann 61 artiklar i dette arkivet.


Pipelife får besøk av Senioruniversitetet

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. april 2014

Tysdag 29/4 besøker Senioruniversitetet for Indre Nordmøre bedrifta Pipelife i Surnadal. Denne bedrifta vart i si tid starta av valsøyfjordingen Martin Botten. Han var under 2. verdskrigen utkalla til tvangsarbeid i tilknytning til utbygginga av kalkgruva i Surnadal. Martin slo seg i lag med ei surnadalsdråk og etablerte seg i Surnadal som murar. Sidan vart det større entreprenørverksemd, med produksjon av mørtel, bygningsstein, betongrør m.m.


1. mai arrangement i Surnadal

Elinor Bolme Onsdag 23. april 2014

Surnadal Arbeiderparti inviterer til 1. mai arrangement ved Surnadal kulturhus 1. mai. Årets hovedtalar er AUF-leiar Eskild Pedersen, med påfølgjande apell av Ida Andrine Heggset. Mons Otnes leier det heile.


Stikk ut!!

Elinor Bolme Onsdag 23. april 2014

StikkUt! er Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal i samarbeid med fleire kommunar i fylket si satsing for å få fleire folk ut på tur. Dei ulike kommunane har valgt ulike turmål med variert vanskelighetsgrad. Turne skal være fra de lette (grønn løype) der alle kan ferdas trygt og det kreves ingen spesielle ferdigheter, til krevande turer (rød løype) for erfarne turgåere med god utholdenhet.


Stem på månadens bilete for mars

Ole Petter Talgø Onsdag 23. april 2014

Påska er over for i år, og vi har klar avstemninga for å finne årets tredje vinnar av månadens bilete. Vi har nokre bilete i køa, men send gjerne inn fleire bilete som vi kan bruke som dagens bilete.


No kjem våren kjem for fullt….

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. april 2014

Så snart påska er det «dags» for meir vår og sommaraktivitetar. Skiene blir sett bort og det er fram med sykkelen og nye joggesko. Eit sikkert vårtegn er også at ein startar førebuing på meir liv ute i hagen, med grilling av hagestell. På Gammelfabrikken er det ikkje noko unntak, og tysdag etter påske var Magne Søyset og Einar Husby i gang med vårpussen på terrassane.


Rundt 80 kom til friluftsgudstenesta

Jon Olav Ørsal Måndag 21. april 2014

Rundt 80 tilhøyrarar hadde funne vegen til Haugligardane til gudsteneste 2. påskedag. Sjølv om det stort sett har vore finvêr dei siste 10-15 åra at denne tradisjonen har eksistert, sette nok årets friluftsgudteneste rekort både vêrmessig og når det gjeld besøkstal.


Demonstrasjon av hjarte-lunge-redning.

Saniteten flyttar hjartestartaren

Elinor Bolme Måndag 21. april 2014

Etter at brannmannskapet i Todalen tidlegare i vinter var på todagers kurs og fekk med seg heim ein splitter ny hjartestartar frå Norsk Luftambulanse, vart det plutseleg to hjartestartarar i bygda. Todalen Sanitetsforening starta derfor jobben med å omplassere den som brannmannskapet fram til mars hadde hatt forvaltningsansvaret for.


2. påskedag: Velkomen til friluftsgudsteneste på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Sundag 20. april 2014

Lettskya og 13 varmegrader – og bitte liten vindtrekk (1 m/sek) frå sør-vest! Det er vermeldinga for Todalen til 2. pinsedag, da Todalen sokneråd og trimgruppa i Todalen I.L. inviterer til friluftsgudsteneste på Haugligardan. På Haugligardan er det i ferd med å bli grønt, og finare tilhøve for friluftgudsteneste kan ein vel ikkje få?


Over og ut for blåbær og tyttebær?

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. april 2014

Den som ferdes i skog og mark har nok lagt merke til at både blåbær- og tyttebærlyngen er brun og virkar heilt livlaus. Det ser ut som ein lang og tørr barvinter har teke knekken på både blåbær- og tyttebærlyngen. Røsslyng og anna lyng ser også ut for å ha lidd same skjebne. Er det over og ut for blåbær og tyttebær for lang tid framover?


Langfredagsrapport frå Skihytta

Jon Olav Ørsal Fredag 18. april 2014

Den offisielle kjerringdilten ved Skihytta på Ørsalfjellet vart avlyst i år på grunn av føretilhøva, og slik tilhøva var når avgjerda vart teken var nok grei. Det var meldt tildels stor nedbørsmengder på skjærtorsdag som nok hadde sett ein stoppar for arrangementet. Været og værmeldingane har vore turbulente den siste tida, og mot alle odds vart det ein fin dag med godt føre for dei som tok seg til fjells.


Utedo med overrasking….

Jon Olav Ørsal Fredag 18. april 2014

Driva.no og adresseavisa har i dag oppslag om eit dobesøk utanom det vanlege på hyttetyr på nordvik. Gunnar Nordvik har nemleg hytte med utedo ovafor Nordviksetra, og på utedoen på hytta har ein grevling teke tilhald. Da onkelungen Ada (7) skulle på do vart det «full alarm».


Uten mobildekning i gjen! – Oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 18. april 2014

Høgtider og brudd i mobilsambandet hører saman i Todalen! I morgontimane langfredag er både Telenor Mobil og Netcom ute av drift. Det er nok Telenors linje inn til Todalen som ei feikilda denne gongen også, da begge netta fall ut samtidig. Kor lang tid det tek før feilen blir rette kjenner vi ikkje til. Vi oppfordrar folk som har tilgang til telefonlinje til å ringe feilmeldinga slik at feilretting kan bli snarast muleg. Siste: Både Telenor Mobil og NetCom kom på lufta igjen i 15-tida.