Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Over og ut for blåbær og tyttebær?

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. april 2014

Den som ferdes i skog og mark har nok lagt merke til at både blåbær- og tyttebærlyngen er brun og virkar heilt livlaus. Det ser ut som ein lang og tørr barvinter har teke knekken på både blåbær- og tyttebærlyngen. Røsslyng og anna lyng ser også ut for å ha lidd same skjebne.  Er det over og ut for blåbær og tyttebær for lang tid framover?

Etter tips frå Ola Bruset tok vi ein tur oppi Brusetbotnan for å sjå korleis det såg ut i eit område som har vore kjent for mykje og fin skogsbær. Det som møtte oss var brune lyngrabbar uten tegn til liv. Dette er nok ikkje spesielt for Brusetbotnan eller Todalen elles.  Heile Nordvestlandet har i år opplevd ein barfrostvinter som har vore utan sidestykkje, og resultat for heile området er brune lyngrabbar.

Brit&DagSverre_0464

Dersom rota ikkje er skadd vil det nok vekse fram ny blåbær- og tyttebærlyng, trur Brit Grønmyr. Bildet er frå Kleiva ovafor Haugligardan. Brit og Dag Sverre Grønmyr kom frå ein luftetur til Tårnet. Foto: Jon Olav Ørsal

På turen trefte vi Brit og Dag Sverre Grønmyr som hadde vore opp til trimposten på Tårnet. Brit er naturforvaltar i Rauma kommune, og har sin bakgrunn frå Landbrukshøgskulen på Ås. Ho hadde aldri sett makan til skade på lyngen, slik som det er i år.  Men ho konkluderte med at lyngen vanlegvis er beskytta av snøen, slik at den dukkar fram i vårløysinga når temperatur og klima er meir høveleg for å starte ein ny sesong. Dersom rota ikkje er ødelagt av frost/tørke vil det nok kome nye planter frå den gamle rota. Men sjølv om det skjer blir det nok lite blåbær og tyttebær i inneværande sesong, trur ho.

I denne samanheng skjer nok det same som når folk ved kysten tenner på og brenner lyngrabbar for å få «ny giv» på f.eks. røsslyng. Dersom rota på lyngen også er skadd, vil det nok ta lengre tid før blåbær- og tyttebærlyngen klarer å etablere seg igjen. Vi får berre vente og sjå kva som skjer!

Lyng_Brusetbotn_0450

Typisk bærmark i Brusetbotnan, der all lyngen er brun og livlaus på grunn av tørke/barfrost i vinter. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 19. april 2014, 13:23 - Sist oppdatert: 20. april 2014, 08:58