Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langfredagsrapport frå Skihytta

Jon Olav Ørsal Fredag 18. april 2014

Den offisielle kjerringdilten ved Skihytta på Ørsalfjellet vart avlyst i år på grunn av føretilhøva, og slik tilhøva var når avgjerda vart teken var nok grei. Det var meldt tildels stor nedbørsmengder på skjærtorsdag som nok hadde sett ein stoppar for arrangementet. Været og værmeldingane har vore turbulente den siste tida, og mot alle odds vart det ein fin dag med godt føre for dei som tok seg til fjells.

Sondre Halset har sendt oss eit knippe bilder frå Skihytta, der det har vore arrangert ein improvisert Kjerringdilt på langfredag. Referatet frå dagens happening har han delvis skrevet på rim:

«Til tross for avlyst Kjerringdilt, vart den likevæl hilt.
Det møtte oppimot 20 mann, eit klientell frå både fjell og land.
Frå kiosken Knut både pølser og pann’kak sælt, og veret oppå her var langt i frå fælt!
Terje N var forferda over at ikkje nokon ville skidår» gå, no når sola skein frå himmelen blå!
Iht statuettane så var det nok folk, så då vart deltakarane utsendt bolk for bolk.
Alle var motiverte og etter idealtida gjekk, og premie for den var det Harald Myrås som fekk!»

Bildegalleri med folk og natur rundt skihytta har vi lagt ut nedafor.   Alle foto: Sondre Halset

Publisert: 18. april 2014, 23:12