Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2013

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Start 4H med LAN

Start 4H med LAN

Elinor Bolme Måndag 18. mars 2013

Start 4H har nyleg hatt styremøte, og i etterkant ønsker styret med leiar Tore Talgø Roaldset i spissen å komme med litt informasjon. Fredag 22. mars til laurdag 23. mars vil det bli arrangert LAN i Todalen Ungdomshus. Start kl. 18:00. Slutt kl. 10:00 neste dag. Aldersgrense for å overnatte er 12 år, der medlemene har […]

Les heile saka

Hol i asfalten

Hol i asfalten

Jon Olav Ørsal Måndag 18. mars 2013

Det er slett ikkje eineståande at det er eit hol i asfalten, for etter vinteren vil vi nok få sjå at telen har fått skade mange plassar. Litt spesielt er nok holet ved Sissiå, for det er djupt og fylt med vatn, slik at det er vanskeleg å sjå kor stor skaden er.  Vi oppfordrar til å […]


Historielaget: Årsmøte i rekordfart

Historielaget: Årsmøte i rekordfart

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mars 2013

Søndag ettermiddag hadde Todalen historielag sitt årsmøte i Todalen ungdomshus. Det var seks saker på dagsorden, og alle gikk raskt unna uten debatt. Årsmeldinga gjenspeila at det er stor aktivitet i laget, og rekneskapen viste at aktivitetane hadde gjeve eit greit overskot som sikrar økonomien i laget. Medlemskontingenten i laget blir uendra , med kr 200 for enekltmedlemar og kr 250 for familiemedlemskap. Laget har i dag 166 medlemar, som er mest bygdefolk og utflytta todalingar.

Les heile saka

Todalen I.L. – sakliste for årsmøtet

Todalen I.L. – sakliste for årsmøtet

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mars 2013

Todalen Idrettslag arrangerer årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 21. mars kl 19.00.  No kan du laste ned komplett sakliste for årsmøtet her!


Lars Stensby: «Reisebrev fra Svea»

Lars Stensby: «Reisebrev fra Svea»

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mars 2013

Lars Stensby er flink til å sende oss reisebrev når han er ute i «den store verden». Nå har jobben i Trondheimsfirmaet MainTech ført ham til Svalbard, eller nærmere bestemt til gruvesamfunnet Svea. Han har sendt oss en e-post, med både bilder og omtale om Svea og det som foregår der. Han skriv: «Jobben i MainTech har på nytt ført meg til Svalbard. Vi har nå ansvaret for å gjennomføre lederutviklingskurs for ca 45 ledere i Store Norske Spitsbergen Grubekompani. Programmet gjennomføres i 5 moduler og går over et år.

Les heile saka

Tid for å starte oppkjøringa til «Ræta Opp»?

Tid for å starte oppkjøringa til «Ræta Opp»?

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mars 2013

Mosjonsløpet «Ræta Opp» som første gong vart arrangert under todalsdagen 2012, og vart ein suksess med over hundre deltakarar. No er det på tide å teste forma til årets arrangement, for laurdag 29. juli får du sjangsen til å slå din eigen prestasjon frå i fjor. Løypa er den same som i fjor, med start på Bordholmen, og ein svipptur opp til toppen av Ræta. Så er det målgang på Bordholmen.

Les heile saka

Johan har starta!

Johan har starta!

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. mars 2013

Johan Kvendset er komen ut i sporet på sitt 23 Birkebeinerløp. Startskotet gikk kl 7.30, og han bruka 59,04 fram til det første passeringspunktet på Skramstad. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer, og turen over fjellet er på 54 km. Johan  går i klasse M75, der det er 62 deltakarar. Johan har startnr 820, og dersom du vil […]

Les heile saka

Eldremiddag med filmvisning

Eldremiddag med filmvisning

Reidar Østvik, (tekst og bilder) Fredag 15. mars 2013

Sist onsdag var det igjen samling til Eldremiddagen, denne gangen med til sammen 23 gjester. Kokkene Karen Johanne og Grete bød på svinesteik og prostinnens aprikosfromasj, fulgt av kaffe og nystekt kringle, som falt godt i smak hos gjestene. Et viktig bidrag til den gode stemningen var at vi hadde tinget spesielt besøk denne gangen, av […]

Les heile saka

Fasteaksjon med konfirmantane

Fasteaksjon med konfirmantane

Bernt Bøe Fredag 15. mars 2013

Årleg gjer Surnadals-konfirmantane ein kjempeinnsats gjennom Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp. Tysdag 19. mars går dei dør-til-dør i heile kommunen. Men alt fredag går startskotet – gjennom inspirasjonssamling på Surnadal vidaregåande skule. Her vil konfirmantar og foreldre i møte med KN få sjå og høre korleis midlane som kjem inn, blir nytta der det trengst som mest. Årets aksjon har det dobbeltydige mottoet «Sammen forandre».

Les heile saka

Stem på månadens bilete for februar

Stem på månadens bilete for februar

Ole Petter Talgø Torsdag 14. mars 2013

Noko forsinka kjem her avstemnings for månadens bilete for februar. No som sola begynner å vise seg ei stund utover ettermiddagen, håpar vi mange tek med seg kamera ut og sender oss eit bilete.

Les heile saka

Laurdag: Skiskytingens dag

Laurdag: Skiskytingens dag

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mars 2013

laurdag 16. mars kl 12-15 blir det arrangert «Skiskytingens dag» ved skiskyttaranlegget på Nordmarka skisenter. Det er merkeprøver utan tidtaking. Arrangøren som er Indre Nordmøre Forsvarsforening held både våpen og ammunisjon (kal. 22).  Merker kan kjøpast etter endt prøve. Dette er en uformell aktivitet, og alle kan delta, melder Indre Nordmøre Forsvarsforening.


Ein smak av Hollywood i Brusetmarka

Ein smak av Hollywood i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mars 2013

Gammelfabrikken i Brusetmarka har denne veka vore filmstudio for ein dag. Det er filmklassen ved Nordmøre Folkehøgskule som no jobbar for fullt med sitt filmprosjekt som har bruka 3-4 lokasjoner på Gammelfabrikken til nokre av opptaka til spelefilmen dei jobbar med. Dei har den siste tida gjort filmopptak fleire plassar rundt i området, mellom anna i Stangvik, i Rindal, på Surnadalsøra og på folkehøgskulen. Desse opptaka skal etterpå klippast saman til ein kortfilm, som dei håpar skal bli ferdig ein gong i mai og som da vil få verdspremiere i Surnadal kulturhus.

Les heile saka