Arkiv for desember, 2012
Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.
Stem på månadens bilete for november
Kulden og snøen har kommet, og vinteren har gjort sitt inntog. Med desember kjem også ei litt forsinka avstemninga for månadens bilete for november. Dette blir nest siste kandidat til årets bilete, og sjansen for å vinne eit av de mest eksklusive krusa frå 2012 begynner med andre ord å bli små.
Les heile sakaOg så var det gaupas tur…
Jon Bruset er på trimtur til Storhaugen rett som det er. I dag hadde det nyleg vore besøk på trimposten da han kom dit, da det var ferske gaupespor i snøen. Mikkel rev hadde også visitert trimposten, men fara etter han blir litt puslete samanlikna med gaupespora. Vi har fått mange meldingar om observasjon av gaupe dei siste åra, så vi kan vel rekne med at den har vorte «fastbuande» i Todalsnaturen.
Les heile sakaTo heldige vinnarar
I går ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening sitt årlege førjulstreff med utdeling av «Barnets lykkeskilling». I år var det tre småtassar som var født i Todalen; Ingvar Redalen Ortega, Lars Ailo Gjeldnes og Ronja Strømme. Her vart det servert nissegraut med «mandel» i til unganes store fornøyelse, medan dei etterpå kunne trekke seg litt bort og […]
Les heile sakaTrefte jerven, igjen…
Å treffe jerven når ein er til fjells er ikkje lengen den store sensasjonen, og observasjonar av jervspor har nærast vorte dagligdags. Ola Bruset tok søndag ein ettermiddagstur til Brusetsetra, og der trefte han jerven. Han fortel at det var generelt lite spor å sjå på turen opp lia etter turistlina, men vel oppe på Tårnet kunne han sjå at det hadde vore eit yrande liv i høgda. Der var det spor etter både hjort og elg, i tillegg var det og spor etter oter, mår og to jervar.
Les heile sakaSnart klart for ishockeykampar igjen
Tre karar var i dag i full aksjon på Bordholmen for å anlegge skøyteis der igjen, slik som det var sist vinter. Ivar Helge Kvendset og Knut Bergli hadde starta opp grunnarbeidet i går ettermiddag, med måking av areal og påhaving av vatn med ein ordinær husslokkeslange. I dag fekk dei med seg Ivar Bolme med brannslangar og agregat, og når dei omsider fekk det kalde elvavatnet til å passere gjennom 250 meter med kald slange, gjekk det rimeleg fort å få fylt opp asfaltplassen.
Les heile sakaMykje som skjer på Kulturhuset
Vi er godt inne i desember og Surnadal kulturhus har ulike aktiviteter for dei fleste også denne måndaden.
Frå kulturhusleiar Karstein Telstad har vi fått fleire mailar om ulike aktiviteter, under er ein av dei, der han håpar på stor oppslutning for å montere ein pepperkakeby.
Les heile sakaFørjulstreff i Sanitetshuset
I dag arrangeres det tradisjonelle førjulstreffet med utdeling av lykkeskilling og sosialt samvær i Sanitetshuset. Her er dei ungane som er født i 2012 spesielt inviterte. Saniteten serverer nissegraut, mens det også i år vil bli eit lite juleverksted for dei minste.
Les heile sakaPåmelding til Ungdomens kulturmønstring
UKM er en åpen arena for ungdommer mellom 13 og 19 år, hvor du kan delta med absolutt hva som helst! Det kan for eksempel være sjonglering, smykkedesign, fotballtriksing, fotografier, stand-up, sang, en novelle, band, dans eller som scenetekniker, konferansier, arrangør eller journalist – Alt er ønsket!
Les heile sakaPå førejulsbesøk på Stangvik aldersheim.
Deltakarar frå Surnadal folkedanslag besøkjer om lag kvar 6. veke Stangvik aldersheim, og den 4. desember var dei der på førejulsbesøk. Som vanleg vart vi godt mottekne, og snart ljoma gammeldansmusikken gjennom rommet, og dansen var i full gang.
Les heile sakaFørjulsunderholdning på Nordvik
Et 20-talls personer hadde funnet veien til Nordvik forsamlingshus for å overvære underholdningskvelden med musikkorpset Blæst`n onsdag den 5. desember. Etter at Eva Tørset hadde introdusert korpset kom høydepunktene slag i slag. De startet med en vals som heter Kveld i Trollheimen, deretter Norwegian Sunset fra Flåklypa, Ut på tur, Tanta til Beate og Bred dina vida vingar. Jan Sturla Jensvold trakterte trekkspillet da (Blæstn`s Blandakor) framførte Trondheimsnatt, og (Blæstn`s jubelkor) fulgte deretter med Voi voi med tillegg av Magne Lillegård på slagverk. Etter applausen å bedømme var det tydelig at de to sistnevnte falt godt i smak blant publikum.
Les heile sakaJuleavslutning etter 35 arrangement i 2012
Eldremiddagen i Todalen serverte sin tradisjonelle og mykje velsmakande julemiddag med 30 gjester til bords i går den 5. desember. Dette var årets 35. arrangement og kokkane Brit Nordvik, Jorunn Ness, Karen Johanne Talgø og Grete Torvik samt Bodil Kvendset, som var med i teamet i første halvår, fekk alle ei velfortent blomsterhelsing.
Les heile saka