Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
To heldige vinnarar

To heldige vinnarar

Elinor Bolme Måndag 10. desember 2012

I går ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening sitt årlege førjulstreff med utdeling av «Barnets lykkeskilling». I år var det tre småtassar som var født i Todalen; Ingvar Redalen Ortega, Lars Ailo Gjeldnes og Ronja Strømme.

Her vart det servert nissegraut med «mandel» i til unganes store fornøyelse, medan dei etterpå kunne trekke seg litt bort og sysle med kongler, lakk og lim i juleverkstedkråa.

Til slutt vart det offisiell kunngjort kven som var den heldige vinnaren av årets utlodningsbilde «Death by Dior» av Ingunn Redalen White som saniteten har hatt hengande både i Sanitetshuset og på Matkroken den siste tida. Og dei TO heldige vinnarane Van Adrian Ansnes og Ragnhild Ansnes Moe var godt fornøgd med ettermiddagens hendelse.

Under er noker bilder frå dagen. Alle foto ElinorB

Publisert: 10. desember 2012, 20:27