Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2012

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Sanitetsbasar

Sanitetsbasar

Elinor Bolme Sundag 7. oktober 2012

Søndag 14. oktober er det klart for sanitetsbasar igjen. Den blir som før arrangert i Sanitetshuset og startar kl 14, med trekning kl 17. Kommande veke vil det i den anledning bli førehandssalg, både på butikken og rundt bygda.

Ellers melder styret i Todalen Sanitetsforening at dei i år også kjem til å sende julegavar nedover til Estland.

Les heile saka

Treffkveld for konfirmantane – utsatt inntil vidare!

Treffkveld for konfirmantane – utsatt inntil vidare!

Jon Olav Ørsal Sundag 7. oktober 2012

Treffkvelden som  Todalen sokneråd skulle arrangere for konfirmantane er utsett inntil vidare. Konfirmantane i 2013 har no starta førebuinga til konfirmasjonen, og denne treffkvelden skulle være eit ledd i dette arbeidet, og for å bli kjent med eiga kyrkje. Info kjem seinare om ny dato og tidspunkt.


Mykje regn søndag

Mykje regn søndag

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. oktober 2012

Vi har fått flaumvarsel frå NVE, der dei varslar at det blir store nedbørmengder og fare for at det kan bli 5-årsflaum søndag. Etter værmeldinga på Yr.no startar regnvêret på morgonkvisten og det vil bli store nedbørsmengder fra mot midnatt søndag kveld. Her kan du lese flaummeldinga på NVEs nettsider, og her kan du følgje med […]


Ny paintballbane på Kvanne

Ny paintballbane på Kvanne

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. oktober 2012

Kvanne/Todalen paintballklubb har opna ny paintballbane på Kvanne. Det er Driva.no som skriv om opning på sine nettsider. Dei har hatt mange støttespelarar for å få til den nye paintballbanen, og no er den endeleg klar til opning, fortel ledar Eirik Johansen. Surnadal kommune støttar banen med 10.000 kroner, Surnadal Sparebank med 5.000 og Talgø med 2.000 […]


Triveleg kveld med song og spell

Triveleg kveld med song og spell

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. oktober 2012

Det var ikkje ein einaste ledig stol i Skulstuå fredag kveld, da Venner av Skulstua inviterte til underhaldningskveld med song og slåttespel. Stiftinga Skulstuå i Todalen har no formelt overteke «Gammelskulin» og det er laget Venner av Skulstuå som skal drifte eigedomen. Dei har alt starta vedlikehaldsarbeidet av bygget, men dei vil samtidig ta i bruk huset til ymse slags arrangement og som møtelokale.

Les heile saka

Stavgang på Mausetmoå.

Stavgang på Mausetmoå.

Vidar Sogge Fredag 5. oktober 2012

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag besøkte torsdag 4. oktober dei flotte løypene på Mausetmoå. Her har nokre lokale eldsjeler saman med Trollheimen sykkelklubb laga ei rundløype på 1,5 km, der det i blaute parti er lagt ut duk og fylt på med knusagrus. I tillegg kan ein utvida turen med ein runde rundt skytebanen pluss gå ei rydda sløyfe i fint skogsterreng der det er lagt ut steinar i blaute parti. Da blir løypa 2,5 km, der heile strekninga er rydda for busker og lyng og så tørr at ein godt kan bruka joggesko.

Les heile saka

Kald september

Kald september

Jon Olav Ørsal Fredag 5. oktober 2012

September månad har vore jamnt kald, men på Småhjellan hos Jon Bruset har det vore berre ei frostnatt. Andre plassar har nok gradstokken såvidt krøpet under nullpunktet opptil eit par netter til. På Småhjellan var det natt til 24. september at kvikksølvet kraup under null for første gong i haust. I fjor kom første frostnatta 27. september, og da var det 3 frostnetter i september.

Les heile saka

Stort oppmøte på Norgeshus sitt sonemøte

Stort oppmøte på Norgeshus sitt sonemøte

Elinor Bolme Torsdag 4. oktober 2012

Sone Midt møttes i år i Surndal, på «hjemmebanen» til Norgeshus Ing. I Sæther og Norgeshus Byggefirma Olav Haugen. Oppmøtet til årets sonemøte ble det beste i Norgeshus sin historie, med totalt 50 deltakere, fordelt på forhandlere, leverandører og hovedkontoret.

Les heile saka

Kjempebra revyprosjekt

Kjempebra revyprosjekt

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. oktober 2012

Tysdag og onsdag har elevane i 10. årstrinn ved Surnadal ungdomsskule kjørt framsyninga av prosjektet SUSileum i Storstua på kulturhuset. Dei feirer i år 10-årsjubileum, og dei har henta fleire nummer frå tidlegare prosjekt, samtidig som dei har laga nye og aktuelle nummer. Dei gjorde ein kjempebra jobb på scena, og det er vel verdt å […]


Sjå etter sauer og lam

Sjå etter sauer og lam

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. oktober 2012

Sjå etter sauer og lam dersom du er på fjelltur, oppfordrar Gudmund K. Kvendset. Sjølv har han framleis 20 lam borte, og eit av lamma har han sett på Lauvåfjellet. Nærare bestemt på Romålihøgdin var lammet sist observert. Gudmund hadde eit hundretals sauer og lam på beite i området Kvennsetdalen/Lauvåfjellet, og eit tap på 20 dyr er nok langt frå akseptabelt.

Les heile saka

Med Dalabotnan som turmål

Med Dalabotnan som turmål

Jon Bruset Tysdag 2. oktober 2012

Etter ein sommar der det var langt mellom finversdagane, har hausten starta med fint turver. I dag (2.okt.) vart det tur til Dalabotnan.
Start frå Kårvatn og opp forbi Naustådalsetra til Tverråbotn. Derifrå gjennom Revholbotn og Kvennåbotn og utover Talgønebba. Nedturen gjekk så utetter Slåkjen og ned til Litjlia og etter grei stiga ned Seterlia og heimover etter Røyskattvegen.

Les heile saka

Boklansering og konsert

Boklansering og konsert

Elinor Bolme Tysdag 2. oktober 2012

Førstkommande fredag er det boklansering av «Fuglehotellet» i Foajeen på Kulturhuset. Boka er skreve av surnadalsforfattar Tiger Gartè, og baserer seg på ei sann historie frå Gartè’s eiga slekt på Sunndalsøra. Boklanseringa lokkar med prominente gjester som Mons Otnes, Mattis Øybø og Jostein Ansnes. Og til å leia det heile; Åse Toril Holten, todaling no busatt på […]

Les heile saka