Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Triveleg kveld med song og spell

Triveleg kveld med song og spell

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. oktober 2012

Det var ikkje ein einaste ledig stol i Skulstuå fredag kveld, da Venner av Skulstua inviterte til underhaldningskveld med song og slåttespel. Stiftinga Skulstuå i Todalen har no formelt overteke «Gammelskulin» og det er laget Venner av Skulstuå som skal drifte eigedomen. Dei har alt starta vedlikehaldsarbeidet av bygget, men dei vil samtidig ta i bruk huset til ymse slags arrangement og som møtelokale.

Fredag var det altså song og slåttespel i den gamle Skulstuå, der eit førtitals tilhøyrarar fekk ta del i både allsong og ikkje minst slåttespelet til Torgeir Leivdal. Det var Nils Tore Leivdal som leda underhaldninga, og han poengterte kor viktig det er å ta vare på Skulstuå og skape litt liv i det gamle huset frå 1800-talet. Han hadde med seg kompisen Konrad Nerland som leia allsongen frå den gamle skulesongboka til Mads Berg, saman med Karin Aandal på blokkfløyte.

Men først ute var Torgeir Leivdal med fela si. Torgeir spela slåttar frå Todalen, både tradisjonsslåttar og slåttar etter Hallvard og Trygve Ørsal. Ein kan berre nemne «Gammelpostbutullen», «Gammelhalsin», «Ørsalvalsen» (Saftsupå som H.Ø. kalla den), «Flygarn» og ein vals etter spellmannen John Røen før han runda av denne avdelinga med «Storpolsdansen» og «Hestletarn» til stor applaus frå publikum.

I neste avdeling var det Konrad Nerland som tok over med allsong frå  den gamle skulesongboka til forfattaren Mads Berg. Kveldens publikum var nok i den rette aldersgruppa for å kjenne att songane i den gamle songboka, og det vart skikkeleg allsong i den gamle Skulstua. Konrad Nerland er pensjonert musikklærar frå Eide, og han hadde med seg trekkspelet. Saman med Karin Aandal på blokkfløyte fekk dei skikkeleg dreis på allsongen, og Nerland rosa forsamlinga for den flotte allsongen som starta med «De gamle fjell» av Ivar Aasen. I fortsettinga var det mange «gode og gamle» kjenningar som «Småsporven», «Mot i brystet», «Brøyta seg rydning» og mange fleir. Nerland krydra allsongen med lune og gode historier, og publikum kosa seg gjennom kveldsstunda med allsong. Allsongen vart runda av med «Gjendines bånsull», etter at Nils Tore Leivdal fortalte om den gongen han trefte Gjendine Slaalien under eit opphald i Jotunheimen.

Etter kaffepausen var det tid for å runde av underhaldningskvelden, og Torgeir Leivdal fann fram fela igjen og spela polsdansen «Rarin» etter Hallvard Ørsal. «Rarin» har vore mykje bruka i polsdansen i Todalen gjennom tida. Heilt til slutt song og spela Konrad Nerland «Sommardans» av Johannes Kleppevik.

Bilder frå kulturkvelden med «Song og slåttespel i Skulstuå».    Alle bilde: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. oktober 2012, 11:02