Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang på Mausetmoå.

Stavgang på Mausetmoå.

Vidar Sogge Fredag 5. oktober 2012

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag besøkte torsdag 4. oktober dei flotte løypene på Mausetmoå. Her har nokre lokale eldsjeler saman med Trollheimen sykkelklubb laga ei rundløype på 1,5 km, der det i blaute parti er lagt ut duk og fylt på med knusagrus. I tillegg kan ein utvida turen med ein runde rundt skytebanen pluss gå ei rydda sløyfe i fint skogsterreng der det er lagt ut steinar i blaute parti. Da blir løypa 2,5 km, der heile strekninga er rydda for busker og lyng og så tørr at ein godt kan bruka joggesko.

Dersom ein vil gå enno lenger, er det berre å spe på med ein tur bortil Vindøldalsvegen og gå lysløypa, men da bør nok fottyet vera fjellsko eller støvlar. Når resten av dei blaute partia blir dekte med fiberduk og knusagrus, blir dette ei sjeldan fin løype til å gå, springa og sykla i. Vi i stavganggruppa vart imponerte over det flotte anlegget. 40 deltakarar takkar for at vi fekk låna anlegget denne fine haustdagen, og mange ymta frampå om at dei gjerne vil legga turar hit seinare. Neste torsdag går turen til Søyset og Mulneset.Vi køyrer mot Kvanne, og parkerer straks etter vi har køyrt over Søyabrua.

Bilder frå turen til Mausetmoan – alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 5. oktober 2012, 23:27