Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2011

Vi fann 52 artiklar i dette arkivet.


Molde til topps på Todalsdagen

Molde til topps på Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2011

Det var nok ikkje uvanta at Molde gikk til topps i fotballcupen under Todalsdagen. Med ei ubroten sigersrekkje gjennom heile turneringa trekte dei også det lengste strået i finalekampen mot trønderlaget Freidig, der dei vann 3-0. I bronsekampen spela Eide mot CFK, og der dei vann 7-4. Dermed hamna bronsepokalen i Eides premieskap. Det var tilsaman 37 lag som deltok i Todalsdagens fotballcup, og vi er imponent over den store innsatsen på fotballbanen og den fotballgleda som vart lagt for dagen. Honnør også til publikum og heiagjeng som var med heilt til slutt og som gjorde ekstra stas på arrangementet.

Les heile saka

Pangstart på lagersalget på Talgø

Pangstart på lagersalget på Talgø

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2011

Parkeringsplassen rundt fabrikkanlegget til Talgø var på det neraste fylt opp da publikum vart sleppt inn portane presis kl 10 laurdag føremiddag. Talgø har nemleg rydda lageret i Todalen og på Vinstra, og bydde på eit stort utvalg av møblar av ymse slag for ein billeg penge. Det er restar av seriar, prototypar og møblar med ubetydelege feil som no går ut på lagersalget. Lagersalget er også ope søndag mellom 12 – 17 og vil ha ope utover juli så lange det er varer att. Da vil opningstida vere måndag til laurdag mellom 10 – 17.

Les heile saka

Straumutkopling tysdag kveld

Straumutkopling tysdag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2011

Svorka Energi melder at det blir straumutkopling tysdag kveld. På grunn av naudsynt vedlikehald på høgspentnettet blir det straumutkobling tysdag 5. juli frå kl. 23.00 til ca. kl. 05.00 på strekninga fra Sjøtrø -Nordvik-Kvennset-Ansnes-Kårvatn.  Vakttlf: 924 20 050


Liten friskus kom til verda

Liten friskus kom til verda

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2011

Det er travle tider i fjøset til Gudmund Kvendset i Viastua. Et trettital kyr skal kalve i løpet av sommaren, og til tillegg førebus utbygging av fjøset, og da blir det ein travel anleggsperiode for å kome under tak før vinteren kjem. Onsdag var det imidlertid ei spesiell hending på garden, da ei kvige fikk tvillingkalvar ute på beite. Kalvane var født ca 3 veker for tidleg, og ein kan vel si at det var lettvektere i ordets rette forstand. Den minst kalven som var kukalv, var berre 18 kg. Den andre var 2-3 kg tyngre.

Les heile saka