Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Liten friskus kom til verda

Liten friskus kom til verda

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2011

 

Det er travle tider i fjøset til Gudmund Kvendset i Viastua. Et trettital kyr skal kalve i løpet av sommaren, og til tillegg førebus utbygging av fjøset, og da blir det ein travel anleggsperiode for å kome under tak før vinteren kjem. Onsdag var det imidlertid ei spesiell hending på garden, da ei kvige fikk tvillingkalvar ute på beite. Kalvane var født ca 3 veker for tidleg, og ein kan vel si at det var lettvektere i ordets rette forstand. Den minst kalven som var kukalv, var berre 18 kg. Den andre var 2-3 kg tyngre.

Men begge kalvane var godt under normalvekta, som ligg rundt 40 kg for ein fullbåren kalv. Men Gudmund fortel at han har hatt fødselsvekter opp mot 70 kg, men da har det vore kalvar av kjøttrase.

Minikalven var i god form, og kvitterte med ei lita dansoppvisning i gardstunet for oss. Men det blir nok ikkje nokolangt liv med mjølkeproduksjon for den vesle kalven. Den andre kalven var nemleg ein oksekalv, og dermed er det vel stor sjanse for at kukalven er steril på grunn av påvirkning av mannlige kjønnshormoner frå broren.

Først publisert: 1. juli 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 30. juni 2011, 22:15