Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Pangstart på lagersalget på Talgø

Pangstart på lagersalget på Talgø

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2011

Parkeringsplassen rundt fabrikkanlegget til Talgø var på det neraste fylt opp da publikum vart sleppt inn portane presis kl 10 laurdag føremiddag. Talgø har nemleg rydda lageret i Todalen og på Vinstra, og bydde på eit stort utvalg av møblar av ymse slag for ein billeg penge. Det er restar av seriar, prototypar og møblar med ubetydelege feil som no går ut på lagersalget. Lagersalget er også ope søndag mellom 12 – 17 og vil ha ope utover juli så lange det er varer att. Da vil opningstida vere måndag til laurdag mellom 10 – 17.

Laurdag som var første salgsdagen var det sjølvsagt stor trafikk, og det var nok mange av dei som var på Bordholmen på Todalsdagen som nytta høvet til å stikke innom. Konsernsjef Terje Talgø var godt nøgd med omsetninga på første salgsdagen, men trur også det blir bra trafikk i forsettinga. Han fortel at det var for lite plass til å få vist alt skikkeleg, så det vil kome meir varer etter kvart som det blir frigjort plass utover juli. Klikk på linken så finn du lagersalgsavisa som viser ein del av salgsvarene som tilbys.

Mange tok laurdag turen til Kårvatn også. Butikken på låven har mykje interessant å by på, og det er verdt å ta turen innom. Dei har ope måndag til laurdag.

Lagersalget på Talgø trekte mykje folk.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 2. juli 2011, 17:00 - Sist oppdatert: 3. juli 2011, 10:33