Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Molde til topps på Todalsdagen

Molde til topps på Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2011

Det var nok ikkje uvanta at Molde gikk til topps i fotballcupen under Todalsdagen. Med ei ubroten sigersrekkje gjennom heile turneringa trekte dei også det lengste strået i finalekampen mot trønderlaget Freidig, der dei vann 3-0. I bronsekampen spela Eide mot CFK, og der dei vann 7-4. Dermed hamna bronsepokalen i Eides premieskap. Det var tilsaman 37 lag som deltok i Todalsdagens fotballcup, og vi er imponent over den store innsatsen på fotballbanen og den fotballgleda som vart lagt for dagen. Honnør også til publikum og heiagjeng som var med heilt til slutt og som gjorde ekstra stas på arrangementet.

Her kan du laste ned PDF-dokumenter med resultata for knøtt- og miniputtkampane og her finn du lillegutt-resultata.

Trekninga i Todalsdagens SuperLotteri ga full uttelling til Jorid Haugen Ansnes, som vann terrassebord med 6 stoler frå Talgøs OutLiving-kolleksjon og til Nils Ove Bruset m/familie som vann den fine trøbilen.

Vi har alt fått ein kort rapport frå stemnegeneral Bjørn Hauglann som kan rapportere om rekordomsetning for årets Todalsdag, der fjorårstala som også var rekord, vart grundig slegne. Han nyttar høvet til å takke alle som har delteke på arrangementet og alle som har vore med som funskjonærar under arrangementet og på dugnadsarbeidet førut.

Nedafor finn du bildegalleri frå aktivitetane på Bordholmen under Todalsdagen 2011 – laurdag 2. juli.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. juli 2011, 18:50