Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2010

Vi fann 65 artiklar i dette arkivet.


VM-tipping – takk for tippemidlar

Jon Olav Ørsal Fredag 6. august 2010

Tippekonkurransen på ICA Todalen i høve fotball-VM ga 1500 i overskot. Todalen.no fikk denne summen som pengegåve under ein enkel seremoni på kaffekroken fredag. Pengane kjem vel med til drifta av nettsida. Stor takk frå redaksjonen til Terje Nordvik for initiativet!


Edel design på vandring med Fjord og fjell

Edel design på vandring med Fjord og fjell

Jon Olav Ørsal Fredag 6. august 2010

Onsdag 11.august kl 18 er det duka for ei heilt spesiell hending i Svinviks arboret – da blir det visning av Edel design – edle, norske designklede – i blomstrande samspel med jazz- og folkemusikkinspirerte tonar frå musikarane i Fjord og fjell.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juli

Ole Petter Talgø Fredag 6. august 2010

Ein ny månad er over, og det er tid for å kåre månadens bilete for juli. Som forrige månad ynskjer vi å få med alle besøkande på stemmegivinga, og vi har plukka ut seks kandidatar frå dagens bilete-bileta i juli. Det biletet som har flest stemmer ved utgangen av tirsdag kveld vil bli kåra til månades bilete for juli.


Skule for vonde ryggar.

Skule for vonde ryggar.

Elinor Bolme Fredag 6. august 2010

I løpet av hausten kjem Surnadal Velværesenter, medlem av todalen.no, med fleire spanende tilbud. Eit av desse er ryggskulekurs med naprapat Micke Dahlgren.

Les heile saka

Velkommen til åpningsdag på Kårvatn!

Velkommen til åpningsdag på Kårvatn!

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. august 2010

Norsk Vandrefestival ønsker ALLE velkommen til åpningsdagen på Kårvatn tirsdag 10. august! Det blir en flott dag med aktiviteter for både barn og voksne! Program fra kl 13:30 til langt inn i augustnatta.
Stikk innom – eller slå deg til hele dagen, alene, eller sammen med venner og familie!

Les heile saka

Vann 2-1 mot Klæbu, men Vålerenga vart for sterk

Vann 2-1 mot Klæbu, men Vålerenga vart for sterk

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. august 2010

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen var sikra plass i 1/8-finalen etter at laget vann kampen mot Klæbu torsdag morgon. Det var Ørjan Nes Haugen som sørga for begge måla, der det siste målet kom etter ein straffe. Ein velfortjent seier, skriv Knut Haugen i ein SMS til Todalen.no.  På ettermiddagen gikk 1/8-finalen mot Vålerenga på Ekebergsletta. Da møtte laget sine overmenn, […]


Siste «sommar-pub»

Siste «sommar-pub»

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. august 2010

På Pakkhuset Kro er det laurdag kveld siste sjanse for sommar-pub for i år. Pakkhuset kro held ope frå kl 21 og utover. Laurdag er det Håvard Halset og Synnøve Helland som er vertskap.


Vidare til 1/16-finale i Norway Cup

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. august 2010

Det vart seier mot Bjørkelangen! I dagens kamp mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Bjørkelangen vart resultatet 2-0. Tore Kvande og Per Sindre Ulvund sørga for kvart sitt mål i ein kamp som enda med ein velfortjent seier. Det kom eit mål i kvar omgang. Motstandar i 16-delsfinalen blir Klæbu, som dei skal møte torsdag morgon kl 08:00. Jentelaget til Kvass / Ulvungen har også gjort det veldig bra. I dag vann de 2-1 mot Florø 2, og dermed er dei klare for 8-delsfinale mot Håkvik onsdag kveld.Todalingen Lena Rovik er med på laget til Kvass/Ulvungen.


Sommarbloggaren er klar.

Sommarbloggaren er klar.

Elinor Bolme Onsdag 4. august 2010

Da er neste blogger klar her på todalen.no. Feriemodus har gjort oss litt forsinka, men håper de ber over oss med di. Nok ein gong hamna vi i Trondheim, men trur ikkje vi skal dit neste gong….

Les heile saka

Slo Langhus 1-0….

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. august 2010

I «iltelegram» frå Norway Cup har vi fått melding om at Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen slo Langhus 1-0, og går dermed til 1/32-finale. Det var ein spanande kamp med mange sjansar til begge lag, der heile gjengen ytte maksimalt. Ørjan Nes haugen scora på langskot fra ca 25 meter i første omgangen. Det er no klart at neste […]


5000 tonn knusagrus

5000 tonn knusagrus

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. august 2010

For den som har lurt på kva slags monstrum som vart tranportert oppover bygda i forrige veke, kan vi avsløre at det var eit stort knusverk som var på veg til sandtaket i Sandbakkan på Talgø gård.
Det er Finn Talgø og Per Gjeldnes som har leid inn firma Ola Raaen frå Hegra i Stjørdal til å lage 5000 tonn med knusagrus. Den jobben er unnagjort på 5 dagar, kunne Geir Raaen fortelje. Da Todalen.no var innom måndag var dei klare til å starte produksjonen.

Les heile saka

Høgtidleg avduking.

Høgtidleg avduking.

Elinor Bolme Måndag 2. august 2010

I løpet av helga har kunstnar Ole Mauset vore på Kårvatn for å sette opp eit bestillingsverk som skal stå utanfor butikken. Kunstverket har fått titelen «Undervegs» og har, etter kva todalen.no har fått opplyst, eit tema som passar omgivelsane på Kårvatn godt.

Les heile saka