Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2010

Vi fann 56 artiklar i dette arkivet.


Møblar for millionar skal ut…

Møblar for millionar skal ut…

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juli 2010

Laurdag kl 10 opnar Talgø for fabrikkutsalg av møblar på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Talgø har rydda lageret for prototypar og restar av seriar som skal ut til sterkt reduserte prisar. Konsernsjef Terje Talgø fortel at det er bhov for ei årleg opprydding i slike varer, og mykje av det er topp moderne og tidsriktige møblar.

Les heile saka

Klart for Todalsdagen

Klart for Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juli 2010

Fredag kveld var det siste innspurt med dugnad og tilrigging på Bordholmen. Todalen I.L.’s fotballgruppe står som arrangør av Todalsdagen 2010, og alt ligg no til rette for at over 400 forventningsfull knøtter, lilleputt og lillegutter/lillejenter skal rykke inn på arenaen og være klare til avspark lørdag kl 09.30. Det er lag frå Romsdal i sør til Trøndelag i nord, i tillegg til mange lag frå Nordmøre som skal ta del i fotballcupen under Todalsdagen.

Les heile saka

Ballmaling

Ballmaling

Elinor Bolme Fredag 2. juli 2010

Frå Todalen barnehage har vi fått eit lite bidrag frå først i veka. Godver og rundallepressing resulterte i mykje kreativitet.

Les heile saka

Hjertine på plass

Hjertine på plass

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juli 2010

Det er kanskje ikkje alle som kjenner Hjertine, og det er ikkje rart. Det er nemleg den nye hjartestartaren som Todalsen sanitetsforening har kjøpt, og som er plassert på brannstasjonen på Kvennset. Det er den første hjartestartaren som er registrert i Surnadal kommune, utanom Surnadal legekontor. Det er som sagt Todalen sanitetsforening som har teke initiativ til å skaffe hjartestartar, som er ei investering på nær tretti tusen kroner. No er den komen på plass.

Les heile saka

Dugnad i finvêr

Dugnad i finvêr

Ole Petter Talgø Torsdag 1. juli 2010

Om vêret som blei til dugnaden på Bordholmen i dag gir eit forvarsel til Todalsdagen om to dagar, har vi ein fin dag i vente. Eit tjuetalls personar stilte opp for å klargjera Bordholmen til fotballfest.

Les heile saka

Optimistiske todalingar

Optimistiske todalingar

Ole Petter Talgø Torsdag 1. juli 2010

Onsdag var det tid for årets optimistkonferanse i Rindal. Godt mot, Todalen hadde fått med todalingar på konferansen, og i todalsdelegasjonen var det 12 personer. I tillegg var det andre todalingar som hadde tatt turen utanfor Godt mot sitt initiativ. Konferansier Arild Hoksnes leia oss på muntert vis gjennom fem timar med motivasjon og optimisme.

Les heile saka

Godt storseibett

Godt storseibett

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. juli 2010

Dei siste dagane har det vore godt storseibett lenger ute i fjorden. Hans Gundersen fortel at han har drevet fiske utmed Rakanesset og ved Drøpping, og i går vart det storfangst med ca 50 kilo fin storsei. Hans bruka snøre med pilk og gummimark, og det var saker som frista storseien.

Les heile saka

Hastighet på Todalen.no

Hastighet på Todalen.no

Ole Petter Talgø Torsdag 1. juli 2010

Vi har det siste hatt litt problemer med hastigheten på Todalen.no, ved at enkelte sider har tatt lang tid å laste, eller rett og slett ikke kommet opp. Nå har vi forhåpentligvis fått løst dette problemet.

Les heile saka