Om vêret som blei til dugnaden på Bordholmen i dag gir eit forvarsel til Todalsdagen om to dagar, har vi ein fin dag i vente. Eit tjuetalls personar stilte opp for å klargjera Bordholmen til fotballfest.
![Teltet blei montert effektivt og raskt. Foto: Ole Petter Talgø](http://todalen.no/wp-content/uploads/2010/07/IMG_4896-430x216.jpg)
Arbeidsoppgåvene var varierte, frå plenklipping og kantslåing, til loppetørking og teltmontering. Etter nokre timar med arbeid, var stadion eit stort steg nærare klargjort for Todalsdagen.