Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hjertine på plass

Hjertine på plass

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juli 2010

Det er kanskje ikkje alle som kjenner Hjertine, og det er ikkje rart. Det er nemleg den nye hjartestartaren som Todalsen sanitetsforening har kjøpt, og som er plassert på brannstasjonen på Kvennset. Det er den første hjartestartaren som er registrert i Surnadal kommune, utanom Surnadal legekontor. Det er som sagt Todalen sanitetsforening som har teke initiativ til å skaffe hjartestartar, som er ei investering på nær tretti tusen kroner. No er den komen på plass.

Saniteten fekk støtte frå både bedrifter og lag og organisasjonar i bygda for å skaffe hjartestartaren. No er ein kome i fase 2 som er opplæring i bruk av utstyret. Onsdag kveld var det Todalen brannlag som fekk første dose i opplæring i bruk av utstyret, og dei får i første omgang ansvaret for å handtere utstyret. Når alarmen går om hjartestans vil brannlaget bli utkalla, for om muleg å starte med gjenoppliving før ambulansen kjem til stades og kan ta over. Seinare skal det takast stilling til om fleire skal opplærast, fortel prosjektledar Kristine Saksen Ulvund i Sanitetsforeninga.

Det var anestesisykepleiar Ingeborg Myrvang og ambulansesjåfør Arnt Ivar Brøndbo som stod for opplæringa som foregikk i Sanitetshuset. Brannlaget fekk opplæring i grunnleggjande førsthjelp i tillegg til grundig opplæring i rett bruk av hjartestartaren. Det blir no lagt opp til eit øvingprogram, slik at brannlaget skal bli godt kjent med utstyret og bruken av det.

Hjartestartarutstyret er no montert i brannstasjonen, der ein har fått ein eigen skåp til utstyret. Hjartestartaren blir frå no med på alle utrykningar som brannlaget har i tillegg til at det kan kome reine hjartestopp-alarmar til brannlaget som er meldt via alarmtelefon 113.

Todalen sanitetsforening vil vere ansvarleg for alle kostnader i samband med vedlikehald og opplæring i bruken utstyret, fortel kristine saksen Ulvund.

Først publisert: 2. juli 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:48