Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Møblar for millionar skal ut…

Møblar for millionar skal ut…

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juli 2010

Laurdag kl 10 opnar Talgø for fabrikkutsalg av møblar på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Talgø har rydda lageret for prototypar og restar av seriar som skal ut til sterkt reduserte prisar. Konsernsjef Terje Talgø fortel at det er behov for ei årleg opprydding i slike varer, og mykje av det er topp moderne og tidsriktige møblar.

Det er heile 3000 m2 utstillingsplass på Gammelfabrikken no, etter at nybygget no er såpasss ferdig at det kan takast i bruk til salgslokale. I utstillingane er det også møblar i nye trendar som er utstilt. Dette er varer som kan kome i salg i tida som kjem, og Terje Talgø sier at han synes det er artig å vise fram kva dei driv med på Gammelfabrikken. Så sjølv om du ikkje har tenkt å investere i nye møblar er du velkomen til å sjå utstillingane og utbygginga som er gjort, seier han.

Fabrikkutsalget er i helga ope på laurdag frå 10 – 18 og søndag frå 12 – 18. I neste veke og fram til 17. juli er det ope frå 10 -17 kvar dag frå måndag – laurdag. Så det er rikeleg høve til å ta turen innom.

Publisert: 2. juli 2010, 22:31