Tikaffe på tysdag!
Alle er velkomne til Todalen oppvekstsenter tysdag 13.april kl.11.00-13.00 – Enkelt program ved elevar og barnehageungar – Servering – Allsong og litt prat Treng du skyss, ring skulen tlf. 71663888, seinast 12.april.
Vi fann 60 artiklar i dette arkivet.
Alle er velkomne til Todalen oppvekstsenter tysdag 13.april kl.11.00-13.00 – Enkelt program ved elevar og barnehageungar – Servering – Allsong og litt prat Treng du skyss, ring skulen tlf. 71663888, seinast 12.april.
Dersom kaffekjelen eller potetene kokar fortare i dag enn du har vore vant til, så har det sin grunn i at det no er Råssåkraft i ledningsnettet. Den siste veka har det foregått testkjøring og justeringar, men frå i dag leveres det straum inn på distribusjonsnettet til Svorka.
Les heile sakaFrå Gran Canaria har vi fått helsing frå Aud og Ola Øyen som har ferioert i Puerto Rico. Dei skriv at ølet var kaldt, maten god og været fint. Altså ikkje noko å klaga på.
Les heile sakaFredag kl 15 vart det endeleg avgjort kven som vart kåra til årets verdiskapar. Det vart todaling og ildsjel Gudmund Kårvatn.
Les heile sakaTorsdag var det slutt for Todalen saualslag. Etter 63 år var det ikkje lenger behov for ein slik organisasjon som har ivareteke interessane til saueigarane. Laget vart stifta i 1947, og da var det nok mange som hadde behov for både skaffe seg kompetanse og hjelp til avlsarbeidet.
Les heile sakaVi får inn mange fine bilder til siden og bruker fleste over tid til «Dagens Bilete», men til spesielle anledninger som gjør at vi får inn mange bilder vil vi heller legge de ut som en kavalkade. Her er en slik serie, med bilder fra påsken.
Les heile sakaDette namneskiltet står oppi Romådalsvegen. Eit uvanleg namn,som har sin bakgrunn frå ei tid da hesten var det vanlege transportmidlet. Men kva betyr det? Kom med forslag, skreiv vi som tekst til dagens bilde 2. påskedag. Vi har fått 3 svar, frå Tor Holten, Wenche Kvendset og Anders Gjeldnes.
Les heile sakaGudmund Husby driv tømmerhogst oppå Holå, ovafor Bekkerhagan boligfelt. Her skal han hogge 30-40 kubikk med gran som han sjølv planta i 10-årsalderen. Dei har altså stått omkring 50 år og er no mogne for å hoggast. Gudmund hadde dette lille granfeltet som 4H-oppgåve og fekk premiering for godt arbeid med oppgåva den gongen.
Les heile sakaDet blir sagt at Holmenkollstafetten er vårens vakraste eventyr, men vi tillater oss å halde ein knapp på at det er saulamminga som skal ha den æra. Sikkert er det i allfall at saulamminga no e kome igang og at det er litt av eit eventyr. I fjøset hos Bjørn Kvedset på Trøå lamma den første sauen måndag og nummer to kom på tysdag. Tilsaman 5 lam som såg ut til å ha det som plommen i egget.
Les heile sakaÅrets friluftsgudsteneste på Haugligardane trekte eit 70-talls tilhørarar i det fine påskeværet. Det var nerast vindstille og sol frå blå himmel, og folk storkosa seg i det fine og varme vårværet. Det var sokneprest Bernt Venås som holdt årets preken. venås skrytte uhemma av den fine todalsnaturen da han ønska velkomen til gudsteneste, og sa at det her var finare enn i Peterskatedralen.
Les heile sakaDa er siste dagen i årets påskeferie snart omme, og etter veret å dømme med mange solbrune ansikt vil nok dei fleste vera godt nøgd med årets påskever. Det inneber at dette er den siste reportasjen i Sondre og Mari sine påskenøtter. Her er dei siste utvalde:
Les heile sakaSidan butikken held stengt i dag, måtte Sondre og Mari ta turen på Pakkhuset Kro i går kveld for å treffe kandidatar
til dagens påskenøtter. Der var det mykje folk, og mange aktuelle å velje mellom. Her vart dei utvalde: