Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2019

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Endeleg vart det asfaltlegging

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2019

Dårleg vêr og anna trøbbel har hindra asfaltlegging på området utafor Matkroken og Talgøfabrikken på Kvennset. Men i dag var det blå himmel og ein strålande finvêrsdag og dermed troppa mannskap frå Veidekke/Lillerovde opp med utstyr for asfaltlegging i småskala.


Snødronningen

Steinar Hasselø Måndag 4. november 2019

Eventyrleg musikkteater for heile familien på Surnadal kulturhus fredag 15. november. Bli med Gerda på ei reise gjennom farar og store hinder for å redde bestevenen frå forbanninga frå Snødronninga! Korleis kan det gode vinne fram når det ser som mørkast ut?


Ein unik sjanse av dei sjeldne

Elinor Bolme Sundag 3. november 2019

12. november vinkar Arthur Snekvik farvel til sambuar Inger Grytskog, vesle Ingrid og øvrig slekt og venner for å tilbringe 13 månader i Antarktis, nærare bestemt forskningsstasjonen Troll. Her skal han saman med fem andre drifte den norske forskningsstasjonen som ligg om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen i Dronning Maud Land. 1500 mil heimafrå.


Oppstart barneleik

Elinor Bolme Sundag 3. november 2019

I morgon og måndagene framover mot desember starar Todalen IL opp med barnlek igjen. Det skjer i gymsalen på Todalen skule og er inndelt i to grupper. Klokka 18 er det for ungar frå 1.-3. klasse, medan det frå klokka 19-20 er for ungane frå 4. klasse og oppover.


Kløvertur til Hjellnes

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. november 2019

Måndag 4. november går Kløverturen til Hjellnes. Oppmøte ved Hals/Matkroken. Samkjøring derifrå kl. 11.00 utpå Kammen. Så blir det tur oppover til Hjellnes og kanskje litt innover skogsvegen. Turen nedatt går om Flata.


Lokale aktører inviterer til konsert: – Tror finalen blir den beste!

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. november 2019

Kor, korps, band og solister øver på spreng og er snart klare til Film- og musikalfinale på Surnadal kulturhus. – Dette blir minst like bra som de to foregående konsertene, kanskje den aller beste! Det sier styrelederne Ragna Marie Mauset i Surnadal hornmusikk og Toril Moe i koret VOX under en hektisk, men godt gjennomført øvingshelg i Storstuå i kulturhuset på Skei.


Stem på månedens bilete for oktober

Mari B. Redalen Laurdag 2. november 2019

Med ein fin oktober bak oss har vi rigga klart til ny kåring. Her er mykje fint, og det kan bli vanskeleg å finna bare ein å stemma på.


Stor kinodag i Surnadal

Steinar Hasselø Fredag 1. november 2019

Den første laurdagen i november er høgtid for kinoane i landet, og ikkje minst for dei som går på kino. For den dagen er det halv billettpris, og Surnadal kino viser fire filmar på «tilbod».


Liv tok fagbrevet med glans

Jon Olav Ørsal Fredag 1. november 2019

Fredag var det kaffe og blautkake til alle i kantina til Talgø MøreTre i Todalen. Med god grunn kunne dei feire det første kvinnelege fagbrevet på Elementfabrikken. Liv Hoås markerte dermed at læretida er slutt, og  fagprøven til tømrarfaget er bestått med glans. Liv har to år bak seg som elev på snekkerlinja på Surnadal Vidaregåande skule og deretter to år som lærling – eit år på Rindalstre As og eit år på Talgø MøreTres elementfabrikk i Todalen.