Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein unik sjanse av dei sjeldne

Elinor Bolme Sundag 3. november 2019

12. november vinkar Arthur Snekvik farvel til sambuar Inger Grytskog, vesle Ingrid og øvrig slekt og venner for å tilbringe 13 månader i Antarktis, nærare bestemt forskningsstasjonen Troll. Her skal han saman med fem andre drifte den norske forskningsstasjonen som ligg om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen i Dronning Maud Land. 1500 mil heimafrå. Utan mulegheit for å komma seg heim etter månadsskiftet februar/mars når vintersesongen tek til.

Det er langt frå Grytskogen til Troll.

I ni månader av denne tida, gjennom den lange antarktiske vinteren, vil dei kun ha kvarandre som selskap. Tøffe værforhold, kulde ned mot 30 minus og lange avstandar gjer det vanskelig å fly ut og inn frå Troll på vinteren, og staden og bemanninga er derfor heilt isolert frå omverden. Eit godt samhald innad i gruppa er derfor veldig viktig.

Ein unik sjanse

Vegen fram til denne spennande jobben starta med at far til Arthur tagga han i eit facebookinnlegg der stillingane var utlyst. -Etter litt om og men tok eg sjansen og sendte inn ein søknad, fortel Arthur. Det resulteret i eit intervju i Tromsø i april, og tilbud om jobben først på mai. -Og da vart dette plutseleg meir alvorleg, og støtteaparatet her heime måtte inn på banen, og ser bort på sambuar Inger og dottera Ingrid på snart 4 år. -Eg kunne ikkje takke ja til dette utan at det var ok for Inger som da lyt halde fortet heime mens eg blir borte i godt og vel eit år.

-Og det trur eg skal gå bra seier Inger. -Vi har jo alle våre her i rundt oss på Kvanne, med familie og venner, medan du blir isolert med 5 kollegaer langt heimafrå. Men med topp nettforbindelse satsar vi på at året går fort, likevel om det nok kjem til å bli litt drygt også, trur ho.

For å «halde ut» på stasjonen er det derfor viktig med ein hobby eller to, for det kan bli lange ettermiddagar og kveldar om ein ikkje har noko å bedrive tida med. Arthur har lagt planer, og skal vidareutvikle musikkinteressa si med nyinnkjøpt munnspel. -I tillegg har eg fått sendt nedover elgitaren og så er det tilgang både på treningsrom, majestetisk turterreng og alskens små-aktivitetar i fellesareala vi disponerer.

-Eg er forøvrig veldig heldig som har fått permisjon frå jobben min på Eiksenteret. Fleire av dei andre har måtte seie opp for å kunne hoppe på denne mulegheita.

Opplæring

For å bli kjent, og for å få den nødvendige opplæringa har mannskapet no vore samla to gonger før neste vekes utreise. -Vi var tre veker på Svalbard tidlegare i haust, kor vi vart drilla i fly- og husbrann, sikkerheit og brevandring.

Kurs i brevandring. Stasjonen på Dronning Mauds Land ligg midt i isødet og kunnskap om ferdsel i utmarka er difor veldig viktig. Foto Arthur Snekvik.

Da fekk vi også kjenne på korleis kjemien oss seks i mellom var. -Og den var heilt knall, smiler Arthur. -Vi fann tonen med ein gong, noko som kanskje har ein samanheng med at vi er det yngste laget så langt som dreg ut. Snittalderen er berre på 29,4 år, fortel han, der han sjølv er den aller yngste som er familisert med sine snart 26 år. -Derfor var arbeidsgivar veldig oppteken av at vi hadde drøfta dette godt på forhand. Og det har vi!, samstemmer dei to.

Øving flybrann på Svalbard. Foto. Arthur Snekvik

Sist veke var gjengen samla i Tromsø, kor konflikthåndtering sto på agendaen.

Forsyningar med båt

Kun ein gong i året kjem det inn forsyningar til stasjonen. Det er i forbindelse med at nytt mannskap kjem inn, og båten går frå Danmark først på desember. Denne legg til ved kai på kysten, 25 mil frå stasjonen. Lossinga krev ein del eksterne ressursar, sidan varene skal fraktast med beltemaskiner i 15 km/t. Ein tur tek heile 5 dagar fram og tilbake, så dette er ein stor og krevande jobb. Derfor blir det også litt meir aktivitet på basen denne tida, samstundes som forskarar besøkjer staden før den blir vinterstengt for trafikk.

Det er Norsk Polarinstitutt som driv naturvitenskapelig forskning, kartlegging og miljøovervåkninga i Antarktis, men ingen av dei seks som skal arbeide dere er forskarar. -Vi skal berre oppretthalde drifta, slik at forskningsdataen kjem fram. -Eg som er mekanikaren på laget får blant anna ansvaret for vedlikehald av maskinelt utstyr, og ikkje minst forsyne oss med straum gjennom dieselagregata.

Overvintringsteamet på Troll i 2020: Mekaniker Arthur Snekvik frå Surnadal (foran til venstre), kokk Karin Jansdotter frå Gøteborg, lege Thomas Dretvik frå Stord og rørlegger Aleksander Tvedt Johannessen frå Randaberg. Bakerst til venstre; elektriker Alexander Sola frå Randaberg og forskningstekniker Roald Klingsheim frå Hjelmeland. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Vi ønsker Arthur lykke til med den spennande jobben og satsar på ei oppdatering i løpet av året!

Først publisert: 3. november 2019, 20:44 - Sist oppdatert: 4. november 2019, 23:21