Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2018

Vi fann 60 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 512345

Næringslivsdagen er meir aktuell enn nokon gong

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. februar 2018

I år er det 15. gong at Surnadal sparebank dreg i gang sin næringslivsdag. Jamt og trutt har talet på deltakarar auka på, og i år er det alt påmeldt 160 deltakarar – tre veker før næringslivsdagen blir arrangert tysdag 27 februar. I år bys det på eit interessant knippe foredragshaldarar, med Therese Johaug i spissen, og med Bente Krangnes Edvardsen som ny konferansier så ligg det an til ny suksess.


Todalen IL må endre vedtektene sine

Elinor Bolme Måndag 5. februar 2018

Todalen IL ønsker å legge ut litt forhåndsinformasjon vedrørande endringar av vedteker/lovnorm på årsmøtet 15. mars. Norges Idrettsforbund har dei siste åra jobba for å tilpasse alle vedtektene i idrettslag som er tilknytta idrettsforbundet.


Ikkje 4 år til neste OL vel?

Elinor Bolme Sundag 4. februar 2018

Rundt 60 personar tok i dag turen til OL Todalen 2018 på Bordholmen. Og med allsidige, men likevel enkle øvelsar var det meir som ein suksess for gamal og ung som både deltok eller berre var heiagjeng. Ski og friidrettsgruppa var arrangør og hadde laga fine banar både for skøyter, skiskyting og curling. Så liknande leikar kan dei trygt arrangere fleire gonger.


Sanitetsårsmøte på tirsdag

Elinor Bolme Sundag 4. februar 2018

Todalen sanitetsforening avheld sitt årsmøte tysdag 6.februar kl. 18.30. Styret ønsker alle dei nye medlemmene dei siste åra spesielt velkomne. Sidan eit årsmøte er eit ope møte, så kan alle som vil høyre kva vi står for og kva vi arbeider med gjerne komme.


Månadens bilete for januar

Mari B. Redalen Sundag 4. februar 2018

Då har vi allereie gjort oss ferdig med januar og skal kåra årets første vinnar bilete.


Fyrrig folkemusikk i Surnadal

Steinar Hasselø Sundag 4. februar 2018

Folkemusikkgruppa TreriksØset kjem på onsdagstreffet i Surnadal kulturhus den 7. februar. TreriksØset er sett saman av fire unge musikarar som går på folkemusikklinja på folkehøgskulen Birka i Østersund.


Alt klart til OL

Elinor Bolme Laurdag 3. februar 2018

Laurdag føremiddag vart anlegga til Todalen Vinter-Leker 2018 klargjort til storinnrykk av utøvarar i alle aldre til i morgon. Skøytebanen er målt opp og merka, skiskyttarspora er kjyørt opp, skytebanen er testa, curlingblinken er merka og curlingsteinane er testa.


Frode er klar for Surnadal

Steinar Hasselø Laurdag 3. februar 2018

-Surnadal er min favorittbygd. Derfor gleder jeg meg spesielt til å spille der, forteller Frode Alnæs. Torsdag kommer han til Surnadal kulturhus med «Min dans med strenger».

Tittelen på denne konsertforestillinga er sjølsagt en fornorska tillemping av «Dance With a Stranger» – gruppa som virkelig gjorde Frode kjent over det ganske land


Ledige stillingar hos Talgø MøreTre AS

Elinor Bolme Laurdag 3. februar 2018

Talgø MøreTre AS søkjer no på grunn av aukande oppdragsmengde etter nye medarbeidarar i både produksjon, lager og logistikk. Søknadsfrist snarest, eller innen 18. februar.


Ufatteleg og fattbart

Steinar Hasselø Laurdag 3. februar 2018

Surnadal kino viser den ufattelege historia til Tonya Harding frå fredag av. Vil du heller kome til fornuft, blir også filmen om Per Fugelli framleis vist.


Noko for ein «ekte» todaling?

Elinor Bolme Torsdag 1. februar 2018

Frå Åse Børset i Rindal har vi fått bilde av ein dialektplakat for Todalen. Ho har tidlegare laga slike plakatar for både Rindal, Surnadal, Halsa og mange fleire. I den anledning fekk ho nyleg ein forespørsel om ho ikkje kunne lage ein for Todalingen også.


Strikkekaffe på laurdag

Elinor Bolme Torsdag 1. februar 2018

Førstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.


Side 5 av 512345