Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Næringslivsdagen er meir aktuell enn nokon gong

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. februar 2018

I år er det 15. gong at Surnadal sparebank dreg i gang sin næringslivsdag. Jamt og trutt har talet på deltakarar auka på, og i år er det alt påmeldt 160 deltakarar – tre  veker før næringslivsdagen blir arrangert tysdag 27 februar. I år bys det på eit interessant knippe foredragshaldarar, med Therese Johaug i spissen, og med Bente Krangnes Edvardsen som ny konferansier så ligg det an til ny suksess.

Sjefsøkonom i Eikaalliansen, Jan Andreassen, vil gje oss eit innblikk i makroøkonomiens verd. Arkivfoto frå 2014: Jon Olav Ørsal

På næringslivsdagen  er det program heile dagen, og som vanleg er det ei fin blanding av lokale og sentrale foredragshaldarar. – På det lokale plan vil vi få høre banksjef Allan Troelsen og Cathrine Leumann Kårvatn, medan dei meir langvegsfarande vi får høre er Stormberg-direktøren Steinar J. Olsen, Simen Staalnacke frå Moods of Norway, Bente Landsnes frå Oslo Børs, sjefsøkonom Jan Andreassen, gründeren Odd Gustav Kvalvåg i DeepC i Kristiansund og som sagt Therese Johaug som er kjent og kjær skirennar som snart er tilbake i sporet. Ho sørger nok for at årets konferanse er ekstra populær. 

Banksjef Troelsen fortalte at dei mange og god tilbakemeldingane som banken har fått på tidlegare konferansar gir oss inspirasjon til å fortsette. På same måte gir bra deltaking eit godt grunnlag for å hente inn aktuelle og dyktig fordragshaldarar, slik at vi får ein artig og god fokus for banken. – Vi har fått mykje skryt for at vi tek ansvar for næringslivet og gjer ting som er med og samlar Nordmøre.

Vi flytta i år konferansen til februar, for at konferansen skal falle saman med at vi legg ut enda fleire eigedomsbevis for sal på denne tida. Dette er ein viktig og framtidsretta aktivitet for banken som legg stor vekt på overleve som sjølstendig bank. Sjefsøkonom Jan Andreassen er gjengangar på bankens næringslivskonferanse – han vi l spesielt ta for seg bustadprisane, men vil også gi oss eit innblikk og oppdatering på makroøkonomien, rentenivå etc.

Eit av høgdepunkta er sjølvsagt utdeling av Surnadal Sparebanks Utviklingspris.  Det er knytt stor spenning til denne utdelinga, som sjølvsagt forblir offentleggjort først under næringslivskonferansen. Den prestisjetunge utviklingsprisen er på kr 25.000 og blir delt ut kvart år under næringslivskonferansen.  

Som sagt er det alt påmeldt rundt 160 deltakarar – totalt er det plass til 300, og det er nok ingen grunn til å drøye med påmeldinga dersom du har tenkt deg til å delta.  Prisen for å delta på konferansen er kr 900, og det er slett ingen upris når ein tenker på at du får mykje aktuell informasjon og inspirasjon, og attpå til lunsjserveringa i pausen inkludert i prisen.

Vil du melde deg på er det berre å følgje linken til påmeldinga på bankens nettside . Siste frist for påmelding er måndag 26. februar.

 

 

 

 

 

Publisert: 6. februar 2018, 17:43