Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2018

Vi fann 44 artiklar i dette arkivet.

Side 4 av 41234

Meld inn nye aktiviterar

Elinor Bolme Sundag 7. januar 2018

Nytt år og nye aktiviteter skal gjennomførast i ulike lag og organinsasjonar. Redaksjonen oppfordrer derfor nok ein gong alle medlemmane av todalen.no til å sende inn sine arrangement til vår aktivitetskalender.


Ekstremvêret Cora kjem søndag – blir det mest utmed kysten?

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. januar 2018

Søndag morgon og føremiddag melder Meteorologisk Institutt om ekstremvêr for området mellom Stadt og Rørvik. Da vil det bli sterk vind som først vil ramme utsette stader på kysten, men som etter kvart vil dreie vestlig og nordvestlig og dermed kome inn over land. Utpå dagen vil vinden være avtakande.


Startar med balleik og trim i neste veke

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. januar 2018

Todalen Idrettslag har registrert etterspørsel etter trimaktivitetar og balleik. Tysdag den 9. januar startar laget med balleik i gymsalen i skulen. For dei aller minste og opp til 3. klasse kl. 17.30-19.00, 4. klasse og oppover startar kl. 19.00, og om det er interesse blir det gubbe-/kjerringtrim frå kl. 20.00 og utover.


Blåtime i Innerdalen

Mari B. Redalen Laurdag 6. januar 2018

Vi har kåra ein vinnar til månadens bilete.


Stem på månadens bilete for desember

Mari B. Redalen Torsdag 4. januar 2018

Vi har kome til årets siste kåring av årets bilete, vi set stor pris på alle bidrag som er kome inn i løpet av året. Og håpar alle pluss fleire sendar oss bilete i det nye året òg.


Sveen Auto: – Premiere for ny bilmodell

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. januar 2018

I dag var det premiere for den VW T-Roc hos Sveen Auto. Da vi var innom ein snartur i dag gikk vi oss rett borti ei velsmakande bacalaogryte, og var slett ikkje åleine om det. Det var kortreist bacalao frå Norsk Kvalitetsmat, og den gikk unna. T-Roc er ein ny SUV som i størrelse er i klasse med VW Golf. I løpet av romjula er eit par bilar kome inn og i dag inviterte Sveen Auto på prøvekjøring.


«Den 12. mann» held stand!

Steinar Hasselø Tysdag 2. januar 2018

«Den 12. mann» held stand!Det var smekkfullt da Surnadal kino viste «Den 12. mann» i romjula. Filmen vil minst gå ei veke til – og dessutan blir det plass til eit artig svensk gjensyn! «Solsidan – Filmen» gjekk i verste julestria. Mange hadde nok anna å tenkje på da, så Surnadal kino har sett opp filmen igjen laurdag 6. januar på ettermiddagstid (kl. 1630) – til glede for dei som har kosa seg med denne svenske komiserien på fjernsyn.


Inviterer til nyttårsfest i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. januar 2018

Surnadal Normisjonsforening inviterer til nyttårsfest på Heilagtrekongarsdag laurdag 6. januar kl 16.00 i Eidet bedehus. I året som gjekk var det 150 år sidan Skrefsrud og Børresen starta misjonsarbeid i India, etter kvart Santalmisjonen, noko vi også ønskjer å markera, litt i etterkant.


Side 4 av 41234