Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til nyttårsfest i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. januar 2018

Surnadal Normisjonsforening inviterer til nyttårsfest på Heilagtrekongarsdag laurdag 6. januar kl 16.00 i Eidet bedehus. I året som gjekk var det 150 år sidan Skrefsrud og Børresen starta misjonsarbeid i India, etter kvart Santalmisjonen, noko vi også ønskjer å markera, litt i etterkant.

Vi får besøk av tidlegare Indiamisjonær Oddvar Holmedal som no er ansvarleg for Normisjons kontakt med Asiaregionen og var med ved jubileet i India. Han har nettopp kome att frå eit viktig oppdrag i Bangladesh, så han vil gi oss glimt frå dette i ord og bilete. Elles blir det fin song. Ein mykje brukt songar frå Trøndelag, Per Otto Lilleberg, sammen med kona si, pianist og organist Berit, vil delta. Vi håper mange vil vera med i allsongen, som vi også skal ha.

Dette blir både songfest, misjonsfest og nyttårsfest, og fest er også fin servering. Gratis inngang, med høve til å gi ei gåve til misjonsarbeidet. 
Alle er velkomne til ei hyggeleg ettermiddagsstund, skriv Normisjon Surnadal i ei pressemelding. 

Publisert: 2. januar 2018, 18:21