Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sveen Auto: – Premiere for ny bilmodell

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. januar 2018

I dag var det premiere for den VW T-Roc hos Sveen Auto.  Da vi var innom ein snartur i dag gikk vi oss rett borti ei velsmakande bacalaogryte, og var slett ikkje åleine om det. Det var kortreist bacalao frå Norsk Kvalitetsmat, og den gikk unna. T-Roc er ein ny SUV som i størrelse er i klasse med VW Golf.  I løpet av romjula er eit par bilar kome inn og i dag inviterte Sveen Auto på prøvekjøring.

Mange var innom for å sjå og prøve VW T-Roc som hadde premiere hos Sveen i dag. Kåre Korsnes er klar for prøvetur saman med Arnbjørn Heggset som er selgar hos Sveen Auto. Foto: Jon Olav Ørsal

Det har vore fullt kjør i heile dag med folk som har lyst til å sjå og prøve den nye T-Roc, fortel Lars Kristian Todal som er dagleg leiar hos Sveen Auto.  – Vi har måtta fylle på med bacalao, og og demobilen har gått i skyttelstrafikk rundt i området her i hele dag.  Han fortel vidare at det vart opna for sal alt i haust, og neste veke kjem dei første kundebilane inn, som vart kjøpte usett i fjor haust.  No må du rekne med å vente 2-3-4 månader på ny VW T-Roc, alt etter kva utstyrsvariant du vel.  – Og prisen den startar rund 295 og går opp til 500 tusen, alt etter kva utstyr du vil ha. 

Einar Grimsmo hadde det travel med å servere bacalao til kundane som stakk innom for å sjå og prøvekjøre. Foto: Jon Olav Ørsal

Lika både bilen og bacalaoen. Frå venstre Brit Sæther, Ingebrigt I. Grimsmo, Johs. Sæther, Tor gjeldnes og Aud Gjeldnes. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 4. januar 2018, 19:20