Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2017

Vi fann 83 artiklar i dette arkivet.


Ikkje riktig flaum, men stor elv

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. mai 2017

Flaum er det nok ikkje, men vassføringa ved 21-tida var på 53 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen. jamnt og trutt har elva vokse utover dagen, frå knappe 20 m3/sek i dag tidleg og kl 21 var altså vassføringa på 53 m3/sek


Ledig stilling som rektor i Todalen

Elinor Bolme Onsdag 24. mai 2017

Frå 01.08.2017 er det ledig 100 % stilling som rektor ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter, avd. Todalen skule melder Surnadal kommune på si heimeside.


Dataklubben med sommarferie

Elinor Bolme Onsdag 24. mai 2017

Surnadal Pensjonistlags sin populære dataklubb tek sommarferie frå i dag melder dei i ein e-post til redaksjonen. Det blir oppstart att etter ferien, i slutten av august. Dato blir kunngjort  på Trollheimsporten og her på Todalen.no.


Kunngjering dødsfall

Elinor Bolme Tysdag 23. mai 2017

Grunna feil hos Tidens Krav og at Driva ikkje kjem ut før i morgon er det ønskeleg med ei kunngjering frå Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå AS.


Blide tross tap

Elinor Bolme Tysdag 23. mai 2017

Måndag kveld møttes Søya/Todalen og Surnadal i klassen G10 til kamp på Bordholmen. Her var det full gass frå start til slutt, og det vart ein målrik kamp. Surnadalsgutane vart hakket for sterke og vann med god margin. Gutane og dei to jentene på Søya/Todalen hadde likevel fleire fine sjansar etter gode gjennomspel.


Første fellestrimmen gikk til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Måndag 22. mai 2017

Måndag kveld var det start på sesongen for trimgruppas fellesturer. Årets første fellestur gikk til Nauståfossen men surt og kaldt vêr gjorde at deltakartalet var forholdsvis beskjedent – 6 deltakarar vart med på turen


Startar aksjon for innsamling av skrapmetall

Jon Olav Ørsal Måndag 22. mai 2017

Surnadal kommune, Retura og Hamos dreg i gang ein aksjon for å samle inn skrapmetall i heile Surnadal kommune. Dette blir som eit spleiselag, der kommunen tek dei ekstra kostnadane med transport og utplassering av containarar den veka aksjonen pågår. Levering av skrapmetall er gratis elles også, dersom du leverer på stasjonen til Hamos, men unden denne aksjonen blir det altså gratis henting. Målet er å hente inn minst 15. tonn med skrapjern i denne aksjonen – men gjerne meir.


Sissigrenda: Minidugnad og nye vassbord

Jon Olav Ørsal Måndag 22. mai 2017

I Sissigrenda fikk postkassestativiet ein liten facelift på laurdag.  Anders Kjetil og Rune nytta finversdagen til å skifte ut vassborda på postkassestativet. Det  var meir råteskade enn dei rekna med, og no vart det skifta til royalbehandla mateerialar, og reknar med at det blir lenge til neste gong. Og det siste døgnet har dei også […]


Nytt lokalderby i morgon

Elinor Bolme Sundag 21. mai 2017

I morgon er det nok ein fotballkamp på Bordholmen. Da er det gutane på Søya/Todalen i klassen 10 år som møter Surnadal til dyst. Det blir åpen kiosk med salg av bakels og graut. Kampstart klokka 18.


Lagseriestemne på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. mai 2017

Denne veka startar trim- og friidrettsgruppa med lagseriestemne på Bordholmen.  Første kveld er tysdag 23. mai, og vi treffes på Bordholmen kl 18.00.  Vidare blir det lagseriestemne kvar tysdag kl 18, heilt til skulen sluttar. Det blir og høve til å ta idrettsmerkeprøve i samband med lagseriestemne, melder ski- og friidrettsgruppa.    


På historisk grunn på Kvennset

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mai 2017

Laurdag ettermiddag samla Todalen historielag mellom 40 og 50 til historisk vandring på Kvendset, der det først vart sett fokus på historia til Rossåa. Her har det vore mange store flaumar og fleire kraftverk oppgjennom tida, og det har vore mykje dramatikk med bruer som har reist med flaumen og ein god del dyrkamark som er øydelagt.


Trimgruppa dreg i gang vårens fellesturar

Jon Olav Ørsal Fredag 19. mai 2017

No har TILs trimgruppe klart sitt vårprogram. Det startar alt åndag kveld, med kveldstur til Nauståfossen. Vidare utover våren er det lagt opp til turar til Gammalsetra, Dalasetra og Ansnessetra – ein familietur til Stor-Johannestålla har det også vorte plass til.