Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blide tross tap

Elinor Bolme Tysdag 23. mai 2017

Måndag kveld møttes Søya/Todalen og Surnadal i klassen G10 til kamp på Bordholmen. Her var det full gass frå start til slutt, og det vart ein målrik kamp. Surnadalsgutane vart hakket for sterke og vann med god margin. Gutane og dei to jentene på Søya/Todalen hadde likevel fleire fine sjansar etter gode gjennomspel.

Men med nystekte bakels og kanskje ein is etter kampslutt så vart nok humøret på topp hos alle spelarar igjen rimeleg fort..

Surnadal på eit raid framom Søya/Todalen sin keeper Hallvard Nordvik.

Innlegg frå Surnadal, men Søya/Todalen kjempa i mot. Kveldens dommar var Eivind Bolme.

Humøret på topp etter kampen hos Søya/Todalen.

Og jubelen satt naturleg vis laust hos Surnadal sine spelarar.

Publisert: 23. mai 2017, 15:12