Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første fellestrimmen gikk til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Måndag 22. mai 2017

Måndag kveld var det start på sesongen for trimgruppas fellesturer.  Årets første fellestur gikk til Nauståfossen men surt og kaldt vêr gjorde at deltakartalet var forholdsvis beskjedent – 6 deltakarar vart med på turen.

Men vi som trossa veret fikk ein fin rundtur om Nauståfossen og til Sommarfjøsvollen, skriv trimsjef Jorunn Nordvik til Todalen.no, og ho legg til at det var stor vassføring i elva og Nauståfossen var trollsk med slik vassføring.

Nestre fellestrim går tysdag 30. mai, og da blir det kveldstur til Gammalsetra. Oppmøte ved vegen til Grustaket kl 18:30

Bildegalleri frå turen til Nauståfossen: Foto Jorunn Nordvik og Jon Bruset

 

Publisert: 22. mai 2017, 21:31