Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje riktig flaum, men stor elv

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. mai 2017

Flaum er det nok ikkje, men vassføringa ved 21-tida var på 53 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen.  jamnt og trutt har elva vokse utover dagen, frå knappe 20 m3/sek i dag tidleg og kl 21 var altså vassføringa på 53 m3/sek.

I dag har det nok regna heilt til topps, og det har nok tært hard på den snoen som ligg att i høgfjellet.  Det er enno 3 veker til laksefisket startar, og det blir spennande å sjå om det blir att noko snø til fiskestarten. Vi tok ein liten tur for å sjå på elva, og har lagt ut nokre bilder som vart knipsa i 22.30-tida.  Vassføringa såg enno ut til å være i vekst.

Storfossen i kveld kl 22.30 – over 50 m3/sek. Foto: Jon Olav Ørsal

Nedre Teinhølen og oppover mot Ramsøydalan. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 25. mai 2017, 22:17 - Sist oppdatert: 26. mai 2017, 10:35