Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2016

Vi fann 55 artiklar i dette arkivet.

Side 4 av 512345

Nordgarden – slepper ut ny «Todalslåt»….

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. november 2016

Terje Nordgarden er svanger med ny CD som er planlagt å komme i mars 2017. Alt nå slipper han første singel fra denne CD’n, og den har blitt til i Todalen, skriv Terje i sin promoteringstekst for singelen ”You Must Be the Change”. Terje Nordgarden har deltatt både på årets og fjorårets latskriverseminar på Todalshytta, og har mange «StikkUT»-turer til Storhaugen i løpet av dei par siste åra.


Senterpartiårsmøte unnagjort, med ny leiar!

Elinor Bolme Fredag 11. november 2016

Surnadal Senterparti gjennomførte i går kveld sitt årsmøte på Nordvik Forsamlingshus med 14 møtande medlemmar og gjest Kristin Sørheim som er leiar av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal Fylke.Forsamlingshus med 14 møtande medlemmar og gjest Kristin Sørheim som er leiar av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal Fylke.


Salg av moteriktige Todalen IL-skjerf

Elinor Bolme Fredag 11. november 2016

I morgon laurdag blir det muleg å sikre seg årets finaste julegave på L.Hals Då blir det salg av dei nye og eksklusive Todalen IL-skjef. Idrettslaget vil sitte på butikken fra kl 1000 til kl 1600, eller så langt behaldninga rekk.


YFF ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Torsdag 10. november 2016

Sindre Fiske og Robin Tørset Brøske starta i haust på Surnadal vidaregåande skule på Vg 1. Båe to har valt utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag.


Start 4H klar for haustfest

Elinor Bolme Onsdag 9. november 2016

Start 4H inviterer til haustfest i Skultuå laurdag 12.november frå kl. 13.00 – 16.00. Det vert utstilling, visning av aktivitetar gjennom året, leikar ved lavvoen, matservering og loddsal. Alle er velkomen til ein triveleg ettermiddag helsar styret i 4H.


70 år: – Jubileum for Sveen Auto denne veka

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. november 2016

Denne veka er det storstila jubileumdager hos Sveen Auto, som markerer jubileet i butikken frå torsdag 10. november til og med laurdag. Dei har laga ei kjempestor bacalaogryte, og vil torsdag og fredag servere bakalao til alle som er innom utover ettermiddagen. Torsdag er det bacalao frå 14 – 19 og fredag frå 14 – 17.


Streiken i Svorka er endeleg over

Elinor Bolme Tysdag 8. november 2016

Det har som kjent vore brudd i forhandlingene mellom KS Bedrift Energi og arbeidstakerorganisasjonene i Energiavtale 1. Som ei følge av dette gjekk 16 energiselskap ut i streik fredag 23. september. Streiken har etter dette vore trappa opp til å omfatte 74 energiselskap og over 1100 ansatte. Deriblant fleire av Svorka sine ansatte.


Arbeider for å trygge fred og friheit…..

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. november 2016

Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) har rundt 60 medlemar rundt omkring i kommunane på Indre Nordmøre. Dei er ei av rundt 70 lokale forsvarsforeningar som er tilslutta Norges forsvarsforening. Foreninga er upolitisk og nøytral, men arbeider for å trygge fred og friheit, og foreninga på Indre Nordmøre er faktisk ei av dei mest aktive her i fylket. Neste veke får foreninga besøk presidenten i Norges forvarsforening Lars Myraune, som kjem til Surnadal for å halde foredrag om dagens sikkerheitssituasjon og om hybridkrigføring.


Månadens bilete: Todalen by air

Ole Petter Talgø Tysdag 8. november 2016

For oktober kan vi gratulere Erlend Halset som vinnar av månadens bilete med Todalen by air med 65 av dei 228 stemmene som kom inn denne månadnen. Tett bak fulgte Oktoberstemning fra Jon Bruset og Kveldssol på Trollheimsfjell fra Ingri Bruset. Vi får inn mange flotte bilete av både fjord og fjell, men her har Erlend fått til ein litt uvanleg vinkel.


Bokkveld med bollar, kakao og stor overrasking

Jon Olav Ørsal Måndag 7. november 2016

Måndag kveld var det bokkveld på biblioteket. Det var eit samarbeid mellom biblioteket og oppvekstsentret og fekk god sppslutning frå både store og små. FAO stod for den store overraskinga på bokkvelden….


Hjortfesta er død – leve Hjortfesta……

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2016

I mange, mange år – meir enn ein generasjon har Hjortfesta vore eit høgdpunkt å sjå fram til i slutten av november. Hjortfesta har vore ein av dei store inntekstkjeldene til Todalen idrettslag gjennom ei årrekkje – dei siste åra har arrangementet gått på underskot, og vore ei økonomisk belastning for laget.


Ettermiddagskaffe i Røde Kors-huset på Bøvra

Jon Olav Ørsal Sundag 6. november 2016

Surnadal Røde Kors minner om ettermiddagskaffe på Røde Kors – huset på Bøvra tirsdag 8. november fra kl 1400. Sosialt treff med utlodning og servering av kaffe og kaker.  Alle er velkomne!


Side 4 av 512345