Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2016

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Treng du hjelp over dørstokken?

Jon Olav Ørsal Måndag 31. oktober 2016

Etter kvart som det blir mindre uteaktivitet er det viktig å kome i gang med litt innetrening i gjen. TILs treningsstudio – Hett & Svett – står der og har mykje ledig kapasitet. Måndag kveld var det lagt opp til info-kveld, med opplæring og instruksjon i bruk av utstyret med Ola Eina Øyen.


Gled nokon i Estland

Elinor Bolme Måndag 31. oktober 2016

Todalen Sanitetsforening dreg i gang julegaveinnsamling til Estlandsforeninga i år som tidlegare år. Dette er av same art som klesinnsamlinga, då julegavane bli sendt ned til Estland med Estlandsforeninga som har sine kontaktar i Rindal.


Veiledning på Hett og Svett

Elinor Bolme Sundag 30. oktober 2016

Todalen sanitetsforening arrangerer ein instruksjonskveld av trenings-/styrkeapparata i Hett og Svett. Dette er for alle interesserte i alle aldrar i bygda. Instruktør er Ola Einar Øyen. Dagen er måndag 31. oktober kl. 18.


Vellykka Halloweenfest

Elinor Bolme Sundag 30. oktober 2016

Nesten 30 skumle, søte og nokre ordinære figurar var samla til halloweenparty i gammelskulen i dag. Her var det pynta til fest og dei unge deltakarane kosa seg med både servering og leik i eit par timar.


Ekstraordinært årsmøte

Elinor Bolme Sundag 30. oktober 2016

Surnadal Golfklubb innkaller til ekstraordinært årsmøte og medlemsmøte på Thon Hotel Vårsøg den 21.november klokken 19.


I DAG: Halloweenparty

Elinor Bolme Sundag 30. oktober 2016

I dag er det Halloweenparty i Gammelskulen. Dette er no ein årvis tradisjon i regi Justyna på Bjørli. Ho inviterer også i år til skummel samling for ungane der dei kan kle seg ut og leike i lag.


Vintertid og klokkestilling

Elinor Bolme Laurdag 29. oktober 2016

I natt skal vi stille klokka tilbake ein time, og med det går vi tilbake normaltid – eller vintertid som det også kallast. Dette gir oss ein lysare start på dagen, samtidig som kvelden blir mørkare.


Pinnane og praten gjekk

Elinor Bolme Laurdag 29. oktober 2016

Med uante millimetrar med nedbør i dag var det ikkje sjølvsagt at det vart noko stort oppmøte på strikkekaffeen i Sanitetshuset. Men oppmøtet var upåklageleg og damene kosa seg innomhus med strikking, kaffe og ikkje minst sosialt samvær. Her er det alltid kjekt å sjå kva for handarbeid dei andre driv med, og ikkje minst bli inspirert av erfarne strikkarar.


Inspirerande dametreff på Byggmakker

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. oktober 2016

Onsdag kveld inviterte Byggmakker Surnadal til «Damenes aften», eit arrangement som er blitt ein tradisjon og som er riktig populært for damer i alle aldrar.


Storsvært møte med Edvard Hoem

Dordi Jorunn Halle Onsdag 26. oktober 2016

Kammerset i Kulturhuset var fylt til siste plass da Helene Marie Nergård, leiar i Indre Nordmøre Senioruniversitet, i dag ønskte forfattaren Edvard Hoem velkomen til Surnadal. Ho presenterte han han som ein kunnskapsrik, engasjert, aktuell og produktiv forfattar.


På tide med vêromslag…

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. oktober 2016

Det er snart ein månad sia vi har hatt regn av betydning, og NVE’s målar for vassføring ved Storfossen nærmar seg 0,5 m3 i sekundet. Da nærmar vi oss eit minimum, og det er sjeldan at det er så lite vatn i elva. Men no ser det ut til at det blir vêrforandring, for Yr.no har litt regn på lur i sine prognosar for dei neste dagane.


Travel helg og flerkulturell stemning

Jon Olav Ørsal Måndag 24. oktober 2016

Det har vore ei travel helg for mannskapet i Surnadal Røde Kors. Først med innsamlingsaksjon som samla over 302 000 i Surnadal kommune, som er eit skikkeleg krafttak frå innsamlingsgjengen som har gått frå dør til dør i heile kommunen. Deretter med fleirkulturell bygdekveld i storsalen i kulturhuset.