Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gled nokon i Estland

Elinor Bolme Måndag 31. oktober 2016

Todalen Sanitetsforening dreg i gang julegaveinnsamling til Estlandsforeninga i år som tidlegare år. Dette er av same art som klesinnsamlinga, då julegavane bli sendt ned til Estland med Estlandsforeninga som har sine kontaktar i Rindal.

Innsamlinga skjer i Sanitetshuset tirsdag 1. november frå klokka 18-19. Her blir det difor høve til å svippe nedom Sanitetshuset med eit lite bidrag til nokon som kanskje ikkje har det like svert som oss.

Pakkane må vera innpakka og merka med kven innhaldet egnast til. Feks «gutt 7» eller «mann».

Publisert: 31. oktober 2016, 04:16