Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pinnane og praten gjekk

Elinor Bolme Laurdag 29. oktober 2016

Med uante millimetrar med nedbør i dag var det ikkje sjølvsagt at det vart noko stort oppmøte på strikkekaffeen i Sanitetshuset. Men oppmøtet var upåklageleg og damene kosa seg innomhus med strikking, kaffe og ikkje minst sosialt samvær. Her er det alltid kjekt å sjå kva for handarbeid dei andre driv med, og ikkje minst bli inspirert av erfarne strikkarar.

strikkekaffe

Godt oppmøte, der det til og med var damer frå Surnadal som hadde teke turen.

Neste strikkekaffe, og siste før jul, er laurdag 26. november. Da blir det også ei lita utloddning kunne damene fortelje.

Publisert: 29. oktober 2016, 19:14