Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vintertid og klokkestilling

Elinor Bolme Laurdag 29. oktober 2016

I natt skal vi stille klokka tilbake ein time, og med det går vi tilbake normaltid – eller vintertid som det også kallast. Dette gir oss ein lysare start på dagen, samtidig som kvelden blir mørkare.

Fleire av oss slit litt med å hugse kva for veg denne timen skal stillast. Ein grei huskeregel på dette er at klokka alltid skal stillas mot sommaren. Altså ein time fram om våren (mot sommaren) og ein time tilbake om hausten (mot sommaren).

Dei aller fleste digitale einheter, som mobiltelefonar og nettbrett stiller seg automatisk inn sjølv. Men mange armbåndsur og vekkjarklokker, bilklokker og kjøkkenklokker må stillast manuelt. Vintertida varar denne gongen fram til søndag 26. mars. Da skal klokka stillast tilsvarande ein time fram ved overgangen til sommertid igjen.

Historikk

Tyskland var først ute med sommar- og vintertid i 1916. Tanken var å få betre utnytting av sommarmånadane med lys ein time ekstra om kvelden, og minske energibruken. I 1996 vart Norge og alle EU-land einige om at sommartida startar siste søndag i mars og sluttar siste søndag i oktober.

På den nordlege halvkula brukast sommertid i månadene mars/april til oktober/november, medan på den sørlege halvkule har dei sommertid fra oktober til februar/mars.

Publisert: 29. oktober 2016, 19:32