Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2015

Vi fann 97 artiklar i dette arkivet.

Side 4 av 9« Første...23456...Siste »

Månadens bilete: Vinterstemning

Ole Petter Talgø Fredag 19. juni 2015

For mai kan vi gratulere Anders Gjeldnes som vinnar av månadens bilete med «Vinterstemning». Som navnet tilseier har det ikke vore mykje sommarmotiv å tak bilete av så langt i vår, men vi håpar det betrar seg utover sommaren. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.


Leilighet til leie i Sanitetshuset

Elinor Bolme Torsdag 18. juni 2015

Styret i Todalen sanitetsforening melder no om at den ytterste leiligheta er klar til utleige frå 1. juli. Kjøkkenet har vore under renovering og nokre frivillige «sanitetskarar» har teke siste innspurt med blandt anna montering av knortar og oppvaskmaskin dei siste kveldane, for å få ho ferdig.


Fredag: Todalshytta på «Norge rundt» – NRK1

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. juni 2015

Komande fredag blir det innslag frå Todalshytta på «Norge rundt» på kanalen NRK1.  Det blir da eit innslag frå låtskrivarseminaret som var der den første veka i juni, har vi fått tips om. Norge rundt startar kl 19.30 – rett etter at Dagsrevyen er ferdig.


No blir det fiber på fleire….

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2015

Svorka Aksess er i full gang med utbygginga av fiberbasert breiband i Todalen. På Kvennset er det forlengst kome i drift, – no står sørsida av bygda for tur, og no om dagen pågår utbygging på Todalsøra. Etterpå er det Brusetmarka, oppover til Gammelfabrikken som blir neste.


Klart for ny laksefestival!

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2015

Torsdag ettermiddag trør Norsk laksefestival til med ny laksefestival – eit omfattande arrangement som går over 4 dagar. Først ute er tivoli på Skei og fisking for borna ved Glønavatnet på Nordmarka. – Sidan går det slag i slag til avslutningsshowet på hovudscena på Skei, søndag kl 21.


No startar oppskytinga til jakta!

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2015

No startar oppskytinga til jakta, melder Søya & Todalen skyttarlag. Skytinga går føre seg på skytebanen i Ranheimsvingen på Kvanne, og det blir arrangert skyteprøve til saman 10 måndagskveldar mellom 22. juni og den siste kvelden 31. augst.


Skuleferie neste!

Elinor Bolme Onsdag 17. juni 2015

Måndag kveld var det sommaravslutning ved Todalen oppvekstsenter. Her hadde alle elvar ved skulen, og ungane i barnehagen i vekene før øva godt for kveldens program. Og det var som vanleg ein fornøyelse å sjå, både for foreldre, søsken og den store mengden med besteforeldre som hadde teke turen til todalsskulen denne kvelden.


Fullt trykk opp til Todalshytta

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juni 2015

Kvar månad har brannkorpset i Todalen øving – enkelte kveldar sjekkar dei utstyr og andre kveldar drar dei ut forå gjera seg kjent med lokale forhold rund i dei ymse grender. Tysdag kveld var det øving på å få ut slangar og få vasstrykk opp til Todalshytta – og det funka.


Siloslåtten er i gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juni 2015

Det er nok mange som harc venta på betre vêr og litt sommarvarme dei siste vekene. Med einsifra gradtal og regnbyger har både blomster og gras på det næraste stått stille. Litt forsinka er no siloslåtten så smått komen i gang, og tysdag kunne vi knipse eit par bilder av traktor og slåmaskin på ekrene […]


Lagseriestemnet sist søndag

Elinor Bolme Tysdag 16. juni 2015

Søndag ettermiddag inviterte Ski og friidrettsgruppa til utvida lagseriestemne med muligheit til å lufte trøbilane på Bordholmen. Ikkje det aller beste oppmøtet ein regntung ettermiddag, men eit titals ungar tok turen for litt sosial leik og aktivitet.


Fra Heimstad til Ålesund

Mari B. Redalen Måndag 15. juni 2015

En ny «utvandra» Todaling har tatt på seg oppgaven med å sende oss blogg for juni. Denne gangen drar vi til Sunnmøre.


Første laksen på land

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juni 2015

Årets første laks i Toåa er komen på land. Det skjedde på Ramsøyvaldet, og var ein fin villaks på vel 3 kg. Først ute var Thor Lerstang, som er veteran med 43 års fartstid i Toåa. Det er nemleg ikkje første gongen han står for sesongpremieren i Toåa. Lerstang bur på Todalshytta og vi fikk ein rask prat med han i peisestua, før han skulle fortsette fisket


Side 4 av 9« Første...23456...Siste »