Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2015

Vi fann 97 artiklar i dette arkivet.

Side 3 av 912345...Siste »

Slåttahelg – siloballer i tusental

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juni 2015

Fredag kom siloslåtten i gang for alvor, og denne helga har nok stått i siloslåttens tegn for dei fleste bøndene. Gjennom heile helga har slåmaskiner, forhaustarar og siloballpresser gått for fullt. Vi har aldri sett så mange soloballar på ein gong i bygda som det var på søndag – når det meste var ferdig. Jon Bruset knipsa eit bilde frå Starhaugen søndag føremiddag, og den illustrerer godt denne slåttahelga.


Tysdag er balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juni 2015

Tysdag er framleis balldag på Todalshytta, fortel Eric Malling, som er vertskap på Todalshytta. Malling synes det er viktig å ta vare på dei gode tradisjonane på hytta, og refererer til fjorårets «ballsesong» på hytta.


Ferdig måla, og med ny dekor!

Elinor Bolme Sundag 21. juni 2015

Ikkje alle har nytt godt av den andre sommardagen vi har fått i juni og fått slappa av. På Bordholmen har det vore siste runde med måling av redskapshus i dag, og dugnadsgjengen med Steinar Frøystad i spissen kunne konstatere at no er dei ferdige. Resultatet er som de ser rett og slett upåklageleg.


Tysdag: Dugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2015

Tysdag kveld kl 18:00 samlast vi på Bordholmen og pyntar opp anlegget til Todalsdagen. Ta med høveleg utstyr som kankløppar, rive etc. slik at vi får unna både slåttaarbeid og rydding elles, melder Gudmund Kvendset i banekomiteen.


I dag er sola på sitt høgste!

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2015

I dag er det sommarsolsnu – det skjer kl 16.38 står det å lese i ein tabell på Wikipedia. Enten vi vil eller ei, så går det mot ein ny vinter, – men forhåpentleg vis skal vi få nyte mykje sommar enno. Vi har i allfall mykje tilgode ettersom våren og forsommaren har vore sur og kald, og med nysnø i fjella til og med denne veka.


Planlegg ny konsert under Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2015

Konserten på Gammelfabrikken ga meirsmak for Eric Malling og Knut Bergli. No planlegg dei ny konsert under Todalsdagen 27. juni – eit samarbeid mellom Todalshytta og Todalen Idrettslag. Denne gongen kan dei by på konsert med Asle Beck og Yngve Kristiansen – utekonsert på den nye scena framfor Todalshytta.


Laksefestivalen: Folk kosa seg i finvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juni 2015

Arrangøren av Laksefestivalen har nok opplevd mangt slag vêrbruk oppgjennom tida, med i dag trefte dei iallfall på med den føste skikkelege sommardagen i år. Det såg det ut til at folk sette stor pris på, og etter kvart vart det samla utruleg mykje folk på festivalområdet på Skei. Det var egentleg på høg tid at vi kunne litt sommarvarme, for vi nærmar oss tross alt St. Hans og solsnu!


52/17 – Søndagsturen til Kvalnesvika og Saksen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juni 2015

Denne ukens søndagstur går til Halsa, med start fra Innreiten og rundtur til Saksen og Kvalnesvika. Oppmøte på lunningsplassen ved Innreiten, dit du kommer ved å kjøre fra Ferjekaia på Halsanaustan og videre i retning Vullumstranda til Innreiten.


Tok fagprøven denne veka

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juni 2015

Ola Talgø og Ove Edvin Sæterøy har lagt attom seg ei travel og spennande veke. To år som lærlingar på Møretres elementavdeling er over, og denne veka har det stått praktisk fagprøve på programmet. Den vart gjennomført med glans, og sensorane var godt nøgd med arbeidet til dei to.


Stavgangtur på Ranes – trossa regnvêret.

Vidar Sogge Fredag 19. juni 2015

Torsdag 18. juni møttest Stavganggruppa ved Låna på Ranes. Vêrvarslinga yr har svikta oss denne dagen, for sjølv om dei melde opphaldsvêr og delvis sol i 1–2-tida, så regnar det heile dagen.  Men  trass i regnet: ut på tur ber det! Nokre få startar med ein avstikkar opp i Åsen før dei tek ein runde […]


Todalsbilder frå 1965

Elinor Bolme Fredag 19. juni 2015

I sosiale medier dukka det opp eit par gamle bilder frå Todalen her om dagen. Dei var lagt ut av Jonny Bratseth frå Kleive og vi har no fått tillatelse til å publisere dei. Han etterspurte hjelp til navnsetting, og fekk ganske fort hjelp til dette på dei fleste bilda han la ut.


«Røvarar» til Nordvik

Bernt Bøe Fredag 19. juni 2015

Måndag kveld kjem det folk og røvarar til Nordvik Forsamlingshus! Stangvik Jentekor inviterer nemleg til «Kardemommefest». Koret har i vinter jobba med utdrag frå Thorbjørn Egners barnebøker om Kardemomme By og Hakkebakkeskogen. Måndag er det premiere – med bl.a. Kasper og Jesper og Jonatan, Tante Sofie, Polimester Bastian, pølsemakaren og trikkeførar Syversen.


Side 3 av 912345...Siste »