Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Røvarar» til Nordvik

Bernt Bøe Fredag 19. juni 2015

Måndag kveld kjem det folk og røvarar til Nordvik Forsamlingshus! Stangvik Jentekor inviterer nemleg til «Kardemommefest». Koret har i vinter jobba med utdrag frå Thorbjørn Egners barnebøker om Kardemomme By og Hakkebakkeskogen.  Måndag er det premiere – med bl.a. Kasper og Jesper og Jonatan, Tante Sofie, Polimester Bastian, pølsemakaren og trikkeførar Syversen.

00 Kardemomme b

Sentrale aktørar klare til festkveld på Nordvik. Frå venstre Jesper, Jonatan, Bastian (politi med revestreker denne kvelden), bakaren, pølsemakaren og tante Sofie. Foto: Bernt Bøe

Frå Hakkebakkeskogen kjem Bestemor Skogmus, ekornbarna, Brumlemann, Bakarmester Harepus og ein kar som fyller 50 år omtrent på denne tida. Foreldra stiller som mannskap på scena og på kjøkenet. For på Kardemommefesten blir det kaffe med mykje godt attåt for alle som møter opp. Om bakarguten sine dobbelpepra pepparkaker er å anbefale, er ein anna sak …

Billettpengane går til det musikalske arbeidet i Stangvik sokn. Og at det finst mange talent i dette jentekoret, får folk oppleva denne kvelden – om dei ikkje visste det frå før!

00 Kardemomme PLAKAT

Først publisert: 19. juni 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 18. juni 2015, 22:01