Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2015

Vi fann 97 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 912345...Siste »

Arboretet: – Langope på onsdagar i juli

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juni 2015

I juli blir det langope kvar onsdag i Svinviks arboret. Første kvelden med langope er onsdag 1. juli, og da inviterer quizmaster Ida på konkurranse i quiz i kafèen, med spørsmål frå fjern og nær. Aroretet er ope frå kl 11 – 20 på onsdagar i juli og 11 – 16 frå torsdag – søndag som vanleg.


52/17 Søndagsturen går til Roparen

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juni 2015

Komande søndag går «Søndagsturen» til trimposten Roparen ovafor Surnadalsøra, og med sightsing på Øra og i Øralia. Det er ein flott tur der du blir belønna med flott utsikt over nedre Surnadal når du kjem opp til Roparen. Det er oppmøte og parkering ved «Cafe Corner» – brufestet til gamle Ørabrua, og start kl 12.


Programmet for Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. juni 2015

Programmet for Todalsdagen er klart – både digitalt og på papir, fortel Knut Bergli i Todalen I.L. Har har jobba for å få på plass kampprogrammet for fotballcupen, men det har vore nokre utfordringar for å få alt på plass. I første utgåva manglar nokre av kampane, men vi kjem til å oppdatere etter kvart […]


Har du lopper til loppemarknaden?

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juni 2015

Fotballgruppa og Trim/allidrettsgruppa har lang tradisjon med loppemarknad under Todalsdagen, og no er det tid for å rydde litt i garasjen, på loftet eller på andre plassar – kanskje du har saker og ting som du kan gi bort til oss som lopper, lurar Borghild Talgø i Todalen idrettsalg. Alt er av interesse, men må […]


Forsøk på e-postsvindel

Elinor Bolme Onsdag 24. juni 2015

Fleire har kanskje opplevd å ha fått ein epost frå Svorka siste tida, eller rettare sagt nokon som utgir seg for å være Svorka. I teksten står det:

Et forsøk er gjort for å logge inn fra en ny computer.


Vellykka onnadag, i år og!

Elinor Bolme Onsdag 24. juni 2015

Dagens onnadag på Surnadal sjukeheim vart ein suksess i år også. Dette er andre året på rad at rehabiliteringsavdelinga og dagsenter arrangerer denne dagen, og Ingvild Kårvatn kunne fornøgd konstatere at det vart retteleg bra i år også. Her var brukarar både frå Surnadal Dagsenter, bebuarar frå omsorgsbustadene og pasientar ved sjukeheimen inviterte til sosialt samvær i litt andre rammer enn til dagleg.


Onnadag i dag

Elinor Bolme Onsdag 24. juni 2015

Rehabiliteringsavdelinga ved Surnadal kommune gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til ny onnadag. Dette er allerede i dag frå klokka 9.30 ved Surnadal sjukeheim.


Effektiv dugnadsgjeng

Elinor Bolme Tysdag 23. juni 2015

Ved første augekast var det ikkje imponerande oppmøte på idrettslagets dugnad for å klargjere Bordholmen til Todalsdagen i kveld. Men etter kvart dukka det opp karar kring hus og tribuner med både river, kantryddarar, skruvjarn, vaskarbøtter og slegger. Alt av gras var slått, både på og utanfor banen, og det meste frakta bort.


Laurdag kveld er Todalshytta treffpunktet!

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. juni 2015

Laurdag kveld er det klart for gjenyn med musikaren Asle Beck. Da kjem Asle til Todalshytta for å halde konsert saman med musikaren Yngve Kristiansen. Konserten er eit samarbeid med Todalsdagen og Todalshytta , og det også høve til å smake på grillmaten og andre godsaker før konserten – dørene opnar kl 19.


Kardemommefest i forsamlingshuset

Sverre Kjølstad Tysdag 23. juni 2015

Mandag 22. juni framførte Stangvik Jentekor utdrag av Thorbjørn Egners «Folk og Røvere i Kardemomme by» og «Dyrene i Hakkebakkeskogen» i Nordvik Forsamlingshus med Bernt G. Bøe på piano, og Christian Madaus fløyte. I et nesten fullsatt lokale fikk vi være med på mange forunderlige sprell som aktørene la for dagen. Så vidt en kjenner til var det første teaterforestilling på Nordvik. Instruksjon og utforming var det Berit Anne B. Røkkum sammen med Bernt G. Bøe og kor-foreldrene som hadde ansvaret for.


Heimebrenning på høgt plan

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juni 2015

I dag fyrte Toril Redalen opp sin nybygde omn for brenning av porselen- og terrakottakunst saman med kunstnarkollega Siri Scherve. Å brenne på denne måten hadde Toril aldri prøvd før, og var spent på resultatet. Samtidig hadde ho besøk av tre kunstnarkollegaer som ho saman med utgjer styret i Norsk kunsthådtverkere Midt-Norge.


Matnyttig valgflesk

Elinor Bolme Måndag 22. juni 2015

Ingrid Rosvoll vart den heldige vinnar av skinka på Arbeiderpartiets stand under Laksefestivalen i helga. Mange var innom standen i miljøgata, og mange forsøkte seg på å tippe vekta på spekeskinka. Ingrid tippa nærast vekta som var 2308 gram. Mykje godt valgflesk, med andre ord!


Side 2 av 912345...Siste »